- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
273

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eg tenkte paa Eigedomsverde; og so skulde vel det au
vera noko, at det var Heimegarden min og Ætte- og
Odelsgard. Dessutan; dette nye eg tenkte paa —; eg
hadde enno ikkje vori Skulemeistar so lengi, at eg kunde
vita um det var Kalle mitt.

Det var ei underleg Magt i Ordi hans, so stilt dei
kom; eg stod der og visste kje kva eg skulde segja.
Aldri var det komi for meg at slike Tankar skulde liggje
under i Arbeide hans; Jordi hadde daa elles alltid vori
det som me skulde segja fraa oss. Hadde han fyrr lati
meg merke noko til dette, — kven veit. Sjølveigartanken
hadde eg kannhende skyna; Viljen til aa vera min eigin
var daa visst sterk nok.

Men det var det: her heime kunde eg ikkje paa lengi
verte min eigin. Han Far var ein sterk Mann i sine beste
Aar; og all denne Lesardomen hans... eg greidde det
ikkje. Framand var eg vortin; Heimhugen var slokna
og Arbeidshugen døyvd. Eg vilde burt; maatte burt.
Heilt burt. Det var ikkje Raad med den Ting.

Det han Far hadde sagt kunde eg ikkje svara paa.
Men eg tok upp-att mitt. Til Gardmann dugde eg ikkje;
og det var mange Gardgutar no som for til Seminarie.
Eg kunde ikkje sjaa han Far i Augo med’ eg sagde
dette; halvt burtvend, hastande, snaavande sagde eg
det; men eg sagde det.

Han hev sét paa meg. Han hev sét, og endaa meir
høyrt, og kjent, at det han hadde arbeidt med og vona
paa i alle desse Aari, det var gjengi sundt for ’n. Han
hadde teki det paa ein galin Maate; hadde drivi meg
fraa seg. Eller synda mot Gud, so der ikkje var
Tilgjeving for det. Han tagde eit Bil. Stod reint still.
Liksom burtgløymd. So høyrde eg ein Sukk. Ein raadlaus,
tung Sukk. Og nokre trøytte Ord um «Guds Vilje». Eg
høyrde ikkje etter korleis Ordi fall; lengta burt fraa

273

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0275.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free