Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
denne pinefulle Stund; sagde vel noko som skulde vera
Takk; stilt, liksom dom-feld, gjekk han. —
— Eit Aars Tid etter var Garden seld. Eit
«By-Stykke» kaupte han i Staden. Og dit kom han ikkje. Daa
alt var avgjort, för han si siste Kyrkjeferd.
— Daa var Sonen paa Seminarskulen. Og mi
Heime-Sogu er til Endes.
*
Det tunge som heime var hendt skræmde meg upp.
Men djupt kann det ikkje ha teki meg; Par min var
komin so langt ifraa meg. Den «Kristindomen» som
hadde fengi Magti med ’n hadde gjort ’n framand i hans
eigi Hus, ja gjorde ’n framand for seg sjølv til Slutt, lyt
eg vel segja. Og framand gjekk han or Verdi; Son hans
maatte verte gamall sjølv, fyrr han lærde aa skyna det
Syrgjespéle som Live hans Eivind Garborg vart.
Mitt Liv søkte eg no ute. Og fann det paa ei Vis.
Ikkje i Skulen. Aldri hev eg vori so like glad um Skule
og Bøkar som i dei Aari. Hadde eg ikkje vori so glad
i Lærarane mine som eg meir og meir vart —
Fyrste-lærar: Thrane; Andrelærar (no Prest i Kristiania):
H. Arnesen; Tridjelærar: Skjefveland, Jærbu
som eg; Lærar i Skulehaldskunst: A. M. Feragen
—, so hadde eg forsømt Skulen endaa meir enn eg
gjorde.
Paa reint andre Leidir søkte eg Live no. Og ikkje lite
faarefull var Ferdi. Sjeldan hev vel ein Ungdom vori
mindre fyribudd paa Live enn eg var; og um det ikkje
gjekk godt, so fær eg trøyste meg med at det kunde
gjengi verre.
Ja det kunde gjengi verst. Reint aalveltes kunde eg
ha køyrt meg. Det gjorde eg elles i Grunnen au. Men um
du vil gjeva meg Lov til aa segja noko so umoralskt: daa
det kneip som verst, var det ei Lygn som frelste meg.
274
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0276.html