- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
275

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lykka var at eg ikkje var komen til By; Lærarskulen
laag enno i ei Landsbygd. Felagane var au Lands-Gutar
for det meste; i øvste Klasse sat jamvel Torkell
Mauland. Dette hev vori meg til meir Studnad enn eg skyna
daa.

Men lett Gods fanst det jamvel i denne Flokken. Og
til den Sida søkte Gutungen, som etter den lange
Inne-stengjing lengta etter «Fridom» og Liv. Eg kom ikkje
lite paa Drift, um eg sant skal segja. Endaa eg i det
ytre laut taka meg i Agt, og tok meg i Agt, so godt som
eg hadde Vit til.

Tvo vonde Ting hindra meg fraa aa koma ut i det
som verre kunde vori.

Den eine av desse vonde Ting var ein god Ting. Det
var Fela.

Den hadde lokka meg fraa mi fyrste Tid. Eg hugsar
det enno; ikkje stort meir enn ein Neve stor sat eg i
Danseleikar og Bryllaup og klengde meg inn til
Spéle-mannen, reint ør, burte fraa alt, troll-tekin av Fela.
Ein ung Spélemann tente hjaa han Aasmund Garborg
eit Bil i mine fyrste Aar; han hadde Fela si hengjande
paa Stogu-Veggen der; og det var ikkje mange Dagar i
den Tidi at eg heldt meg: eg maatte inn-um hjaa ’an
Osmonn og «sjaa Felo». Etter Konfirmasjonen var det
vel noko-so-nær mitt fyrste «Vaksne»-Verk aa faa lure
til meg — ho Mor hjelpte meg visst — ei gamal
Skarve-fele som eg sidan gøymde der eg fyrr hadde gøymt
Ro-manbøkane; sat so sidan i Buakammerse og knega paa
den, naar det var «trygt», liksom eg fyrr hadde legi og
lesi «Paris’s Mysterier».

No var eg vaksin Kar og «fri»; fekk meg daa Fele so
snart som eg berre kunde. Han Andreas Solberg,
næraste Grannen, og sjølv Spélemanns-Emne, vart Læraren

knega: gnika; «gnide».

275

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0277.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free