- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
277

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det maa ein Skulemann vita. Og med deg sjølv undrast
du paa, at det kunde vera so mykje Tiltak i meg som
det etter denne Sogo ser ut til. Me plar vera so bljuge,
me Landsungdomar; og dei bljuge kjem helst inn-paa
verre Ting. Eg bør daa tilstaa, at denne Ungdomssogo
som so mange andre hev sin «Forførar». Og at eg, alt
vel etterrekna, skylder den Forføraren meir Takk enn
eg skylder Fleirtale av mine «Frelsarar».

Ein litin sped Krambugut, livleg og lystig og
hjarteleg lettlynd, fødd langt austanum Nese og upplærd i
Arendal, — han vart min Forførar — eller Lærar i
Livskunst — i desse fyrste Aari. Eg fylgde han langt,
og hadde fylgt han for langt, um ikkje ho — som til mi
store Forundring valde meg og ikkje honom — hadde
vori klokare enn eg og vara meg aat. Der var inkje
vondt i Guten. Men i eit Hyklarsamfund maatte han
sigle seg paa Grunn, i det Farvatne han her hadde
vildra seg inn i; det skynar eg, som so bondetruskyldig
eg var sjølv kom nære innaat dei same Grunnane.

No skal eg ikkje bry deg meir med dette. Eg hev
nemnt det til Forklaaring av, at eg, som var vaksin
upp so reint utanfor alt, slapp so vidt lett fraa den
Livsens Faare som Ungdoms Elsk visst ofte vert i
dette velstelte Samfunde. Denne Sogo hev vel au gjort
sitt til, at eg i seinare Aar blanda meg upp-i Striden um
Elskhug og Ægteskap; eg hadde gjenom Røynsle lært,
at Reglar og Forskriftir og «Moral», i den Tidi naar det
serleg gjeld, hev utruleg lite aa segja i Røyndi. Um det
er Vaarherre eller hin Mannen som hev lagt ned-i oss
dette som me kallar Elskhug, det veit eg ikkje; men eg
veit at det Samfunde me liver i no, det hev ikkje kunna
greide Spursmaale. Og endaa er det eit Livsspursmaal.

Um me elles ikkje er komne so langt at baade
Spursmaale og Live held paa aa sovne av?

18 — Garborg VIII.

277

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0279.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free