- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
278

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg undrast stundom paa det. Ætti vert so underleg
gamal. Klok. Gamalklok.

Romantik og Kjærleik syng visst paa siste Verse
liksom Diktingi. Mannen vert Kantorist og Kvinna vert
Skulemeistar; Pengane vert Live og Draumane kjem
burt.

Daa eg var i Tyskland sist, las eg noko som ei
Bok-dame i Wien skreiv um desse Ting. Eg lo aat det daa;
men Gudveit. Den romantiske Kjærleiken hadde havt si
Tid, skreiv ho, og Giftingi med; heretter vilde meir og
meir «innige Freundschaft» koma i Staden, serleg
millom Mann og Mann og millom Kvinne og Kvinne; ho
vaaga seg vidt her. Me ser ög, at den europæiske
Kulturen kann mindre og mindre med Born;
«Tvobarn-Systeme» raader ikkje berre i Frankrike. Baade her og
der syntest Ættelivs-Viljen aa veikne. Fraa ein annan
Grunn stig Mennar som Tolstoy fram med austerlandsk
Livsfiendskap, med Tanken hjaa ein Paulus: at det er
«best aa ikkje gifte seg». Meir og meir gjeng det so,
at Mennane greider seg utan Elsk, eller paa andre
frukt-lause Maatar, og Kvendi vert — Skulemeistrar. Og finn
sine fruktlause Utvegar. Den Ætti som no raader,
skal den døy? Og nye, friskare Renningar spire?

Den som liver fær sjaa1.

innige Freundschaft: inderlig Vénskap.

1 Ymist er uppe, som ymist kann spaa. Jamvel Kvende
talar um, at Mannen er det det same med, berre det kann
bli ei Raad med Barne. Uventande Tilstand kunde den
Tanken føre oss upp-i.

Ein ung tysk Tenkjar, W e i n i g e r, hev i det siste lært,
at me bør stelle oss so, at Jordi meir og meir vert ein Heim
for Aandir. Det er ein Draum av ein sjuk Mann. Og av ei
sjuk Ætt? — (Merknad 1904.)

278

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0280.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free