Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men eg tenkte meg um og sagde: nei. Eg vil ikkje
vera Vaarherre. Kom Vaarherre og gav Folke Skog, so
vilde Folke gjera som det gjorde sist: hogge Skogen
ned og brenne ’n upp og ikkje segja so mykje som Takk
for vel gjort.
Nei. Sjølv maa Folke dyrke Skogen. So dét lærer aa
skyna kva Skog er. Kann Folke lære so stor ein Ting?
Svara kann ingin. Det hev teki til aa røre paa seg so
smaatt. Men naar det er noko som ikkje vert ferdugt
paa eit Par Aar, so plar Nordmannen misse Mode.
Ein gamall pinefull Tanke vakna i meg: Lande ligg
og ventar... paa eit Folk som kann brüka Lande. Me
som no hev det kann ikkje. Me hev aldri havt nokon
Arbeidshug. Vilde berre liggje i Viking. Og no er det
raadlaust reint. Heimhugen er burte ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>