- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
289

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

–Det saag smaatt ut lengi. Den Mistru og Lat-

hug som alltid legg 3eg i Vegen for store Krav, den
berre flirde aat Skog paa Jæren. Skogtanken var
jamvel syndig. Vaarherre vilde ikkje hava Skog her; hadde
han det vilja, so hadde han sjølv lati Skogen vekse. Ein
av Fyrigangsmennane for Skogsaki, Lensmann Norheim
(av Mossige-Ætti), hev fortalt meg um dette; dei hev i
det heile havt nok aa høyre paa i den fyrste Tidi, dei
som vilde gjera Skog paa Jæren til meir enn Ord.
Slikt-noko som alle desse Røtane i Torvmyrane, det var noko
som lite toldest nemnt; for dei synte alt for vel, at
Vaarherre var skuldfri i dette Stykke. Eit stort Arbeid
er nedlagt her, og eit stort Tölmod er vist; dei som hev
teki dei fyrste tunge Taki vil lengi minnast.

Den Skogen som er sett tek til aa vekse og vitne
sjølv no. Og det ikkje berre inn-med Byen eller ikring
Sandnes, men ut-etter dei svartaste Lyngheidane paa
sjølve det syndetungaste Jæren. Um det no ikkje all
stad hev gjengi like godt. Folk tek til aa sjaa dette;
og fleire og fleire skynar at her er ein Framveg lagd.

Fullrøynt og avgjort er det no, at Skog kann vekse
paa Jæren. Og det um Jordi er so arm og skrinn som
ho nokon Stad kann finnaist. Dei Prøveplantingane
som i 1863 vart sette i Gang — paa Gruda i Klepp og
paa Nesheim og Hobberstad i Haa, d. v. s. paa det
vér-hardaste og vindstridaste Jæren og paa Jord av armaste
Slag, sümstad berre Aur og Lyng-Rusk, og so dei svære
Havstormane beint inn —, berre desse Prøveplantingane
hev vist, at Skog veks all Stad. Og endaa var dette dei
fyrste Freistingane, med innførde Plentur og uøvde
Folk. Dei vrangaste Vilkaar som tenkjast kunde. Men
med Tilsyn og Etterplanting hev det greidt seg.

No gjeng det mykje lettare og tryggare. Me hev fengi
Planteskule paa Jæren; Plentune derifraa er vane med

289

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free