- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
291

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meg alle dei Fillune eg eig, naar eg skal vaage meg aat
Skriveborde. Som er ei Ain langt og attan Tomar
breidt...

Hulda? Ja; ho var her nokre Dagar; ho skal til
Færøyane. Ut i Atlanteren, paa Golfstraumen, der ho no
snart ligg, vil det vera lognare, fær eg tru...

Golfstraumen? Færøyane? — Ja bia no litegrand.
No skal du trast faa det.

Hulda hev vorti so glad i Folkevisune vaare. I det
me hev av deim daa; for du veit at ei heil Mengd av
deim ligg uprenta paa tvo Professorloft og vert der
liggjande til Verdi øydest. Men lat os takke til at me
fekk Jørgen Moe og Landstad og Ross, fyrr Verdi vart
altfor lærd; i det heile skal ein «nøies med hvad man
har faat», som Diktaren segjer.

Ho hev elles aldri brytt seg um Folkevisune, ho Hulda.
Det er Nordmanns Vis; kva skal me med slikt, naar
me hev Gluntarne og Schubert? Men so hende det noko
her um Aare: Thorvald Lammers tok til aa
kveda Folkevisur. Denne store Songaren med sin
magtfulde Künst og si rolege Kraft var som skapt og send
til aa ny-reise denne herlege Dikting. Og millom deim
som vart tekne av Folkevisesongen var Hulda. Visune
fekk Liv, og Magt; større, fagrare Tidir vakna gjenom
deim; skulde det vera reint raadlaust aa faa denne
Songen upp att?

Det vart stundom nemnt noko um «Færøydans»; den
skulde eikorleis hava Samanheng med Folkevisur. Men
ingen i Norig hadde Greide paa Færøydansen. Me hev
gløymt vaare Ut-land 3om me halvt-um-halvt hev gløymt
gløymt vaare Ut-Land som me halvt-um-halvt hev gløymt
oss sjølve. Men so kom Hulda ifjor til København. Der
fekk ho Tak paa eit lite Skrift um Færøydansen av
Hjalmar Thure n. Og freista, daa ho kom heim

eikorleis: «paa en eller anden Maade».

291

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0293.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free