- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
292

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

att, aa setja upp ein slik Dans. Det gjekk ikkje verst.
Men meir og meir skyna ho, at ho maatte sjaa
Fær-øydansen; og Johs. Pattursson,
Riksdagsman-nen fraa Færøy som ho raaka i Kristiania ein Gong,
gav henne same Raadi. So fekk ho Greide paa
Færøy-og Islandsbaaten «Egil»; og i Aar bar det i Veg.

Gjev ho maatte faa Tak paa denne gamle gjæve
Rid-dardansen. Og gjev ho fekk hjelpe til med aa vekkje ’n
til Liv att her! Desse Sveivedansane fraa dei Ludvigske
Ho — hm, Konge-Husi i Frankrike i den siste rotnande
Kongetidi er lite verde aa raade Grunnen millom norske
Fjell, og minst til aa raade Grunnen aaleine. Dei staute
gamle Folkedansane, og Songdansen som ein Gong
gjekk fraa Norig til Færøy og no gjerne kunde snu
hit att, vilde saman med Folkevisur (og ny
Visedik-ting?) skapa eit Sellskapsliv i Bygdine som vart noko
anna enn den Fantemoro med Brennevin og
Rundval-sing som dei no driv, og som dei vel meir og meir tek
til aa skjemmast av sjølve.

*



Det er noko tomvori her i Knudaheibakken.

Eit lite Bord hev eg som eg hev fengi laant; det maa
vera Skrivebord. Til Matbord brukar eg Kjøk-Benken.
So hev eg ein Stol; den er Kantorstol inne og i Kjøken
Bordstol; til dette skiftest han elles med ei lita tom
Varekasse der ute. Det einaste eg bev som er Namn
verdt er ein av dei gode gamle Jær-Stolane med Sæte
av Sévfletning og høg Spile-Rygg, og dertil med
Ruggestols Gjenge; den brukar eg til Høgtidsstol, og stundom
til Sovestol; eg fekk ’n til Knudaheibakken av Frk.
Kitty L. Kielland. I Staden for Dragkiste hev eg det
gamle grøne Skuleskrine hans Far; og det er heller
stort, daa han vel au hev nytta det til Handverkskiste;

292

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0294.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free