- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
293

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det hev fylgt meg fraa Garborg og skal her faa slaa seg
til Ro. Langbenken burt-under Vindaugo er Sofabenk
naar her kjem Framande; til Sovebenk hev han au vori
nytta; men den som skai sova der maa ikkje vera
mager. Sove-Rome mitt hev eg ut-i Koven — Glas-Köven
fær eg vel segja; Köve med Glas skal heite Kammers,
segjer Mauland; men «Kammers» er fælt —; Sengi er
tri Fjølir som er slegne upp millom Langveggine ved
Tverveggen inst inne, den som skifter millom Soverome
og den søre Torvskuden. Det eg hev mest av her er Rom;
og Utsyn. Ein framifraa gild Kjøk hev eg au. Men Vatn
—; naah; eg hev Tjørni.

Men liver eg nokre Aar, so vert her nok i Stand i
Knudaheio!

*



Seinare.

Garborg ligg ved Grensa millom Thime- og
Nærbø-Sokno, og Nærbøkyrkja er meg mest likso kjend som
Soknekyrkja mi eigi. Igaar var det Sundag og godt
Vér; og so fekk eg Hug til aa sjaa att Nærbøkyrkja.

Det bar «Bakkane» ned-yvi, sunnan- og ovanum
Tunhenm og Risa og Garborg og Gausland, høgt yvi
Jær-Flata med Utsyn vidt yvi Land og Hav, i skiftande
Minne og Draumar.

Ved Risa-Aano støvda eg. Det som enno er att av
Risa-Skogen helsa eg paa; «Skogen» hans Sven
Garborg helsa eg like eins paa, endaa Skogen no berre er
dei Stein-Urdine der han vaks ein Gong. Men her gjekk
me i Barndoms Dagar og henta Bér, eg og dei andre
Garborgar-Borni; so eg hev meir enn eit Solminne fraa
Stein-Røysine heran.

Øvst upp-i denne trelause Skogen sette eg meg paa
ein Stein. Og saag ned-yvi all Steinen og tenkte paa

Aano: Aai. heran (jærsk): her.

19 — Garborg VIII.

293

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0295.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free