- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
294

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

oss Smaatassane og Smaatussune som krabba um i
Bertuvune her paa slike vene Sundagar fyrr i Verdi.
Den Gongen var det elles Hatlerunnar her og der til
aa liva seg under, um Soli var for strid; no er
Hatle-runnane au burte. Og me med. Spreidde yvi tri Heimar:
Gamleheimen, Nyeheimen og hin Heimen.

Eg ruslar i Veg yvi Gauslands- og
Gudmest(ad)-Høgdir; ser ned-yvi til han Gabriel paa Bergj’e og til
han «Sand Gausland» — ein Stavanger-Kaupmann som
det var gjengi ut med, og som sidan sat her framand
all si Tid — og til Gauslands-Garden, der serleg ho
Ester livnar upp for Minne mitt, Dotter hennar gamle
Torgerd («Torjer»). Det var noko gamalt Jæren som her
stakk seg fram, men som eg aldri rett fekk Greide paa.

Noko utanfor Gausland stend Malhaugane. Her henta
me Mikkjelsber og Hønsaber, naar me stundom um
Sundagane gjekk til Faster Bø; det var so fint paa
Malhaugane. So fritt og lett og vidsynt. Og Haugane var
dei største me hadde her ikring, endaa der er Haugar
mest all Stad. Sjølvsagt hadde me ingin Draum um
kva Slags Haugar det var; eg tok deim helst for
Huldre-haugar.

Aa, all den gamle Hovding-Sogo som ligg her
ned-gravi og gløymd fram-etter Strendane og langt
upp-etter Heiane! Folke gjekk og sveiv um desse
Stor-Minni Hundradaar etter Hundradaar og gløymde, fyrst
Namni og sidan alt. Det einaste var, um det kunde vera
noko nedgravi der, Gull eller slikt; og no veit dei at der
kann vera eitt og anna aa finne. So fér det daa
Svenskar og danske eller norske Danskar ifraa Bergen hit
stundom og hjelper til og «finn».

I Dag er det elles som eg ikkje rett kjenner
Malhaugane att; den eine av deim hev vorti so litin. So

Ha ti: Hasl.

294

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0296.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free