- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
296

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

me havt store Herrar paa Jæren. Sume er nemnde i
Sogo, som Eirik paa Oprastad, Morfar til Olav
Trygg-vason; han budde paa den Garden som enno heiter so
(Aabrest); seinare hev Sogo eit Namn som Erling
Skjalgsson. Andre Hovdingsæte hev her vori, som Tu
(Tun); der finst det enno ein gamall Tingstad.

Og mykje Rikdom og fint Arbeid hev vori ned-ervt
fraa gamal Tid. Men i seinare Hundradaar hev det
meste av dette komi burt. Det hev vorti burt-ervt,
burt-selt, uppbrent, av-stoli. Av Hérfolk og andre Røvarar
og Tjuvar, og av den danske Styresmagti. Det vesle som
var att til vaare Dagar vart daa snart burtplukka av
farande Utlendingar; det gjeng ikkje likare paa ein
Gard, der Sjølvefolke er burte.

Mangeleis lyt eit Folk bøte som vert framandt for
seg sjølv. Heimesansen hjaa Nordmennane no er som
ventande kann vera i eit Land, der Herrefolke helst vil
rekne Landsens Sogu fraa den Tid daa dei Framande
fekk Magti. Kvar skal ein taka norsk Heimhug fraa
i eit norskdanskt Land? Dei norske Minni som enno
stundom vert framfunne, dei lyt takke til, um dei fær
so mykje som Husrom dessmeir. Eit Skip fraa
Gamle-tidi hev Fredrikshøgskulen i Kristiansby liggjande i ei
Bordbu som kven som vil kann setja Eld paa med ei
Fyrstikke.

Ein Dag vil Nordmennane vakne og spyr ja seg sjølve,
kvar det kann ha vorti av alle gjæve Minne fraa
Stor-tidir og Høgaldrar Lande rundt. Daa vil dei faa vita
det: dei er burtsümla. Og dei vil riste paa sine Hovud
og minnast det gamle Orde som er gjevi til Rettleiding
for Folk som vil «lengi liva i Lande» sitt. Men seint
vil det daa vera aa trega.

Det kostar aa vera Kar. Men aa vera Fant kostar
vel so mykje.

*



296

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0298.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free