Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
VII.
fast. Ordi var ikkje noko sers; «der ser vi,» sagde han,
«hvad Synden har at betyde.» Men han laut bruka
Lümmaplagge med same dette Orde skulde fram; han
fekk daa ikkje svinge det so fritt ut-yvi Kyrkja som
han vilde; og dette tok seg snodigt ut for meg, som
nettupp sat og saag paa Presten. Som eg tenkjer paa
dette blenkjer det upp for meg, at den Presten eg høyrde
her sist, — det var Lars Oftedal.
Det var ikkje Tvil; eg hugsa det greidt. Det breide
Andlite yvi den sterke Halsen saag eg med ein Gong
att. Lars Oftedal var det og ingin annan. Minne vart
so livande, at eg reint gløymde den Presten eg no hadde
for meg.
Og heile den Tidi kom for meg att. Eg hadde kje
trutt stort paa «han Lars» den Gongen. Fraa
Lærarskulen kom eg og hadde mine Meiningar uppgjorde:
Lars Oftedal var ikkje kyrkjeleg. Han var ikkje Prest.
Han braaka og staaka som ein Lækprædikant. Men so
hadde eg tenkt: lat gaa! ein skal prøve alt; lat meg
likso godt ha høyrt Lars Oftedal!
So sat eg daa her og høyrde ’n. Han var god! — paa
sin Maate. Der var noko luthersk eller amerikanskt
djervt i Maaten hans; og det kunde eg godt skyna tok
Bøndane. Det var so eg mest laut smile stundom. Smart
Fyr; modig Maur. Han visste kvar han skulde finne
deim, han; Lars Oftedal kjende nok Sauine sine.
Læk-prest; grovtenkt; det høyrdest uliklegt fraa ein
Preikestol sumt av det han kom med; men at han fekk Magt
med Bøndane, det kunde ein ... det... kunde ein
alltid –
Med ein Gong var desse kloke Tankane burte for
meg. Eg hugsa kje lenger Lars Oftedal. Eg visste kje
kven det var som tala; men han tala til meg. Ende fram
til meg. Som det kunde vera han Far, eller ein annan
298
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>