- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
299

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

av mine eigne. Eg sat der fjetra, raadlaus, mest rædd;
visste kje kvar eg skulde gjera av meg. Han kom so
beint innpaa meg; her vart ikkje Umrøme; det varsom
eg var tekin i Aksline og haldin fast. Han tala til meg
som ein Mann med sin Næste. Og Gud betre meg;
Mannen hadde Rett. Han hadde Rett. Kor kunde ein no
gaa so tankelaus gjenom Verdi — —

Lars Oftedal stod paa Preikestolen og tala
Jærbu-maal.

Men eg vart berga. Han gleid inn i Stavangerslengen
att. Og var paa nytt Lars Oftedal, den framande Presten
med sine serskilde Maatar og Faktir. Han tala ikkje til
meg lenger.

Eg Tosken! Der hadde eg so nær lati meg fange av
Kunstine hans. Glup Fyr; faarleg Fyr; jau det skulde
sjaa ut: Jærbumaal paa Preikestolen!

— Men der sat som ein Skjelv i meg lengi etter den
Stundi i Nærbø-Kyrkja.

*



Det er elles ikkje i Kyrkja ein skal gaa, um ein vil
hava Greide paa Trudomslive hjaa Folke. Kyrkja, det
er Staten; men Folke treng her anna enn det som
Staten kann gjeva.

Me fær endaa vera glade so lengi Staten ikkje
forfylgjer Folketrui. Hans Nielsen Hauge var den siste
som leid for Trui hjaa oss, soleis beintfram. Og endaa
kann ein vel knapt segja at det var for Trui han leid;
naar dei var etter ’n, so var det for Skuld den
kyrkjelege Orden. Det galdt ikkje Trui; det galdt kven som
skulde forkynne Trui. Kyrkja meinte at berre dei skulde
forkynne, som Riksmagti sette til det; for dei var
upp-lærde i den Trui som Rike vilde hava; og kva skulde ein

299

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0301.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free