- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
300

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

elles halde seg til? At dei daa sette fast Hauge, som
meinte seg aa vera Guds Tenar utan Kongebrev, det var
ein sjølvsagd Ting som ingin rett Rikskyrkjemann kann
hava noko aa segja paa.

Rikskyrkja greider alt paa beste Maaten. Forkynner
Rikstrui etter Uppskrifti og er Kantor for Gifting,
Barnedaap, Jordfesting og andre «kyrkjelege
Forretningar». Alt skulde daa gange godt. Guds-Rike og
Heims-Rike hev i Rikskyrkja funni kvarandre.

Men Folke trur ikkje paa det. Folke held seg til Orde
um, at Guds Rike og Heims-Rike stend imot kvarandre.
Og at naar dei held Lag, so er det berre av di Kyrkja
hev bøygt seg under Verdi. Det er dei smaae og lite
vyrde, dei som maa lide vondt og som ingin bryr seg
um, utan naar det spyrst etter Skattar og Avgiftir, det
er dei som høyrer Jesu Gudsrike til; difor maa dei og
lide i Verdi. Jesu Sveinar fekk aldri Embætte og Lønir.
Dei maatte lide vondt; vart pinte, forhøyrde, drepne;
og so vil det meir eller mindre vera med dei rette
Jesu-Sveinane all Tid. Jesus vil sende deim ut i Folke utan
Kongebrev. Og dei vil maatte liva millom Folke, i
Armod som Folke, og tala Sanningi for Folke til Refsing
og til Trøyst; ja liksom Jesus maa dei segja Sanningi
jamvel til dei store i Verdi, og til dei som gjeld for
Lærarar og rettvise, anten dei no kallar seg Prestar eller
Farisæingar. Og det maa Jesu Sveinar gjera, um dei
ikkje fær anna for det enn Hat og Spott. Dette er dei
rette Prestane, dei som er Jesu frie Sveinar og ikkje
talar Orde for Løn, men for Sanningi Skuld, og ikkje av
Lærdom men drivne av Anden. Og dei maa, som Jesus,
som Apostlane, som Profetane, som alle Guds rette
Tenarar paa Jordi, vera budde paa aa faa smaka Magti
naar som helst; ja dei maa vera budde paa Dauden i
dei Tidine naar Sattan hev Magti.

300

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0302.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free