- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
301

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det er ugreide Ting, dette; aa skiija millom sanne
og falske Profetar er ei vand Sak. Jamvel i Aposteltidi
var ikkje det so greidt. Men vaar Kyrkje hev bøygt seg
for Folkekrave no, i ein høgare verdsleg Visdom. Og
det er visst det beste, dfette. For er ein Preikar av dei
falske, so vil det sjeldan vara lengi fyrr det kjem upp;
men vert han forfylgd, so vil Folke tru paa ’n mest kva
han lærer.

Likevel var Lækmanns-Arbeide i Haugetidi betre
enn det sidan hev vori. Ikkje um den «sæle Dauden»
savla Preikarane daa; dei vakte Folke til Liv, til det
glade sterke kristelege Live. Den som livde vel vilde
døy vel. Der var Minningar etter dette alt ned i mi Tid.
Eg hugsar fra Barne-Aari ein og annan som heldt seg
til Hauge eller hans Læresveinar; det var greide,
huglege Karar som var Folk til Hjelp baade i
Sjælespurs-maal og i jordiske Ting.

Men det bar ned-etter. For Smaapreikarane fall det
lettare aa tala um Dauden enn um Live, det dei vel
ikkje alltid kjende so mykje til. Og dei sagde ikkje som
Meistaren: Syndine er deg forlatne; dei dreiv paa med
at Folk skulde hugse Syndine sine.

Kristindomen vart mindre Gudsdyrking enn
Synde-dyrking. Ein skulde gaa si Tid burt i Syndesut. Tenkje
paa Syndi, syrgje yvi Syndi, vedkjennast, dyrke, kjæle
for Syndi; stødt og stendigt i Bøni leggje ho upp-i
Hen-dane paa Gud, som daa ikkje kunde faa kaste ho i Have
kor gjerne han vilde.

Daa treivst alt som ufriskt var. Og Preikarane tala
um Synd og Daude og Helvite, til dess den gamle Læra
snuddest um, so at no livde ein alltid vel nok, naar
ein berre kunde døy vel. Syndedyrking og
Daudedyrk-ing var det som no vart Kristindom. Prestane stod
raadlause som vanleg.

301

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0303.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free