- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
302

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til dess Oftedal kom. Han kjende Folke, og han
kjende Folkeprædikantane. So freista han den nye
Ting aa vera Folkeprædikant og Riksprest samstundes.
Og han var so heimekjend, at han fekk Folke med seg
paa dette.

Lars Oftedal var Jærbu. By-Jærbu. Det truskyldige
hjaa Folke hadde han; men han visste um det og kunde
nytte det. Han tente Folkefrelsaren og Rikskyrkja
samstundes, og det er ikkje godt aa segja kva som var
sterkast i han: Lækpreikaren eller Rikspresten. Han
fekk ei svær Magt. Men hadde han vori eit større
Kyr-kjehovding-Emne enn han var, so hadde han sét, at
ein i Lengdi ikkje kann tene Gud og Mammon (Staten)
samstundes.

Med Lars Oftedal naadde «Vekkjings»-Tidi paa Jæren
sitt høgste. Betania, Betsaida, Elim, Salem, halve
Judæa flutte gjenom Bønehusi hans til Jærs, og det vart
sistpaa mest rart, at Folk sagde Jæren og Stavanger og
ikkje likso godt Judæa og Jerusalem.

Eg kunde tenkje meg at han hev drøymt um aa verte
heilt-upp Herre yvi Lande her, ein stavangersk Salomon
eller sovori, dei tusund Kvendi ikkje fraarekna. Hev
han havt slike Draumar, so naadde han langt paa Veg.
Han er i det heile eit av dei mest forunderlege Tilfelle i
Ny-Norigs Sogu.

Oftedals-Ridi var den stridaste av deli gudelege
Ridine her; dermed vart ho og som ein Endskap. Den
Dagen daa Chr. Bruun, «Oftedøl» sjølv, viste Lars
Oftedal fram for Folke fraa den Sida som fyrr snudde
inn, døydde det mykje Sjukdom paa Jæren. Og eg trur,
at noko av det gamle klaare og kloke og gløgge hjaa
Jærbuen vakna att, eller held paa aa vakne.

302

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0304.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free