Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
VII.
Knudaheio 10. 6. 02.
Du Steinar!
–-Kor det stend til med den historiske Sjølv-
kunnskap hjaa Folke vaart no fær ein mangeleis merke.
Du veit Nordmennane skal vera so upplyste. Ein Dag
kom eg til aa nemne Færøyane. «Aa?» Dei glodde og
undrast. «Fæ ... Fæ ...; ja kor er no det, skal eg
se-gja?» Dotteri til Mannen er Lærar; ho kjem smilande
og segjer paa Bokdansk: «men! Far; du ved da hvor
Færøerne er ?» — «Aa! Fær... øerne naa; ja dei skulde
eg vel ha høyrt gjeti,» segjer Gamlingen. Han kunde
ikkje vera so fin som Dotteri han, stakkar.
Eg ser paa denne Gjenta som gjeng der so halvfin
og stram. Eg kjenner Arti. Det er Heimløysa. Dei er
kje seg sjølve lenger, og ikkje noko anna heller. Eg var
soleis, eg au.
Ja denne maa vera Lærar-«inde»! tenkte eg. Lærar
med Rumpe paa. Og er ho med i Slaatten, so vert ho
kje Breidar som andre; ho vert Breidar-«inde». Eller
Slaattar-«inde», daa ho vel er mannsipera og skal slaa.
Og gifter ho seg, vert ho ikkje Kone, men Mann«inde».
Rumpa er det gjævaste paa slikt eit Troll.
Det er fælt gildt, dette «inde»; men Folke, Stakkar,
kann ikkje greide desse lange Rovune. Dei gjeng um
kvarandre for det, so at i Fleirtal kann ein jamvel høyre
Hanslagsformir som «Lærarindar» og «Lærarindane»,
endaa den tyskdanske Halen var paasett serskilt til aa
skilja ut Ho-Slage. Men kven bryr seg um Folke?
Det skulde elles ikkje vera skikkelegt danskt heller,
dette «inde» i slike Ord. Bisp-inde, General-inde,
Stats-raad-inde er ikkje ei Kvinne som er Bisp, General,
Statsraad; det er ei Kvinne som er gift med ein Bisp, Gene-
303
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>