- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
305

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So driv me paa og styrer Skuta, til dess Skuta gjeng i
Aakeren. Her um Dagen var eg nedpaa Bryne; der
raaka eg ein Kjenning fraa eldre Tid; han driv Sakførsle
no, og visst eit Grand Riksstell med. Han meinte at
Skuta stod snart i Aakeren. Kva skal me gjera med det ?
spurde eg. «Jaabæk maa upp att,» svara han. «Me maa
spara!»

Spara, ja. Eg spurde kva me skulde spara paa; all
Stad tykkjer Folk at dei hev fengi for lite.

Han kremta. Sagde so noko um Embættslønine. Eg
meinte at Embættslønine er det einaste i dette Lande
som me ikkje kann spara paa. Dei stend fast, dei. «Det
er liksom Kaar paa Garden det; me kann av vaar
Godvilje auke Kaare; men minke det kann me ikkje.»

Han fomlar eit Bil. So segjer han at me fær spara
paa Utgiftine til Forsvare; det hev den og den gode
Mannen sagt.

Eg kjende den Melodonten og lo. Men meinte at det
som vaksne Folk minst kunde spara paa var det som
turvtest til aa berge Live. «Og den som liver millom
Røvarar maa alltil ha Revolveren ladd.»

Han murra; drog paa det. Me hadde daa spara paa
Hér-Utgiftine fyrr, meinte han.

«Me hev ikkje vori vaksi Folk,» sagde eg. «Det som
hev berga oss er Lykka. Men den Dama er blind. Eller
som andre segjer: ei Hore. Me kann ikkje lite paa den.
Me maa kunna lite paa oss sjølve, vil me liva i Verdi.
Berre daa kann me vente Hjelp au. Elles vert det til
det, at Stor-Røvarane ein Dag skifter oss imillom seg
ettersom dei sjølve synest.»

Han snakka upp og ned og att og fram; Meiningi var:
det me ikkje kunde, det kunde me ikkje. Dermed gjekk
han. Det er vel mange som tenkjer som han.

Me er ikkje vaksne, nei. Det store Spursmaale er:

305

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0307.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free