- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
306

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

um me er Emne til eit Folk, eller um me berre er
Restar...

Naah. Me fær «tru det beste», veit du. Og so er
Verdi vond; det fær me trøyste oss med. Desse Røvarane
her rundt ikring oss, dei hev nok Hug paa Lande; men
dei vert ikkje samstelte. Og den eine er rædd den andre.
So held den eine Kniven den andre i Slira. Det liver daa
me paa, til dess me vert vaksne og kann stelle oss som
Folk. Ja-ja! Det er nok det vonde ein trygast kann tru
paa...

— Eg vert leid av Riksspursmaal; triv Regnhatten
og legg til Fjells.

*



Etter Non.

Dette Matstelle mitt i Knudaheio — naah; eg er glad
eg er aaleine. Og tenkjer ofte med meg sjølv; det er
godt at ho Hulda ikkje ser det. Naar det berre er eg
sjølv som lær aat meg, eller grin og gryler paa meg, so
bryr eg meg ikkje større um det. Og so greider det seg
ikkje so ille. Men det gjeng stridt mykje paa nedkokt.
Eller som det heiter paa Gudsord: «Hermetik». So noko
vidare gamall vert eg aldri her i Knudaheio.

Gjente, segjer du? Finst ikkje slikt. Det som ikkje
vert Lærar-«indar» fer til Amerika. Og By-jente kann
du vita eg ikkje kann hava, naar eg skal vera Jærbu.

–Jærbu, ja. Jærbuen er visst den klokaste
likevel, han. Landsspursmaal og slikt bryr han seg lite
med; det greider Vaarherre. Og dei som trur at me
Jærfolk berre tenkjer paa det gudelege, dei tek au i
Miss. Me agtar nok Bøneboki. Men me gløymer ikkje
Jordi for det.

Og um me gjeld for seinføre, — det kann stundom
gaa so fort med oss, at me skynar det knapt sjølve.

Regnhatt: Paraply.

306

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0308.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free