- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
307

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ikkje berre naar det spyrst um aa koma til Amerika.
Nei; naar det gjeld Arbeid med. Som no det eg her vil
nemne.

Ikkje lenger sidan enn i mi Ungdoms Tid var Jæren
eit Kornland. Aakrar gulna all Stad; Kvernar gjekk i
kvar Aa; og Haust og Vinter for me til Byen med
Mjøl-Lass som kunde rope or Vegen. Og det vart Skjelingar
av dei Lassi. Havre og Reint dyrka me mest; Rug til
Husbruk med; ein Kveite-Aaker hadde me og gjerne.

Og me greidde oss töllegt, det vil paa Jærbumaal
segja godt. Ungdomen laag um Vinteren paa Fiskje;
men han lærde seg Jordbruk fyrst og fremst; paa
Heimegarden i dei unge Aari, og sidan paa Teneste hjaa
godt Folk, der han var paa Jordbruksskule likso vel
som dei som gjeng og vert «Agronomar» no, og tente
seg Løn attpaa. Og kor smaae Lønine var daa mot no,
so lagde Ungdomane seg upp nokre Dalar likevel, og
var endaa godt klædde. Det er rart naar der er
Ettertanke og Folkeskikk. Naar dei daa hadde lært det som
turvtest, og lagt seg upp eit Grand Skillingar til aa
byrja med, so tok dei Jordi heime, eller kaupte seg eit
Stykke; fekk seg so ei Kone som hadde lært anna enn
aa vera «-i n d e», og greidde seg sidan for det meste
rett godt. For alle i den Tidi visste at ein laut greide seg
sjølv, maavita, — arbeide og spara, i Norig so vel som
i Amerika.

Men i Utlandi kom Stordrifti upp; og Gryn-Maten
vart so billeg, at tilmed Jærbuen kunde kje tene paa ’n
lenger. Daa svinga Jærbuen so fort at ein skulde ikkje
trutt det. Og slog seg paa Budraatt med all si Magt.

Mjølk fyrst og fremst; og Smør. No tek Mjølkebruki
(paa Agronomdanskt «Meieriene», av «meie: slaa Hø»)
til med Ost au, um dei elles ikkje hev kunna gjera noka

Reint: Bygg.

307

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0309.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free