Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ut av den fine jærske Fat-Osten enno. Me driv i
Mjølkebruke med norsk Hollandsk og norsk Sveitser, liksom
me i Bokheimen driv med norskt Danskt; det vert
korkje norskt eller hollandskt eller danskt; men det maa
greide seg til so lengi. Det nye som var aa lære kom
Folke snart etter; men daa Jær-Gjentune vilde vera
Skulemeistrar no, laut Mjølkedeigjune for det fyrste
koma fraa andre Bygdir. No gjeng det so godt med
denne Drifti, at Folk greider seg betre enn dei fyrr
gjorde med baade Mjølkebruk og Kornbrük. Og Mjølki
hev heiltupp vorti noko heilagt for Jærbuen, Gudsgaava
framifraa. Han segjer daa ikkje Mjelk, Mjelkjo lenger,
men «Melk, Melko»; Mjølk vert noko mest av same
Slage som «Brød og Vin», noko so høgt at ein ikkje maa
nemne det utan paa Gudsord.
Eg saknar nok Kornbrüke som eg vaks upp med, og
som gav baade god Mat og meir Umskifte i Arbeidslive.
Aakrane stod so vene paa Jæren at eg knapt nokon
Stad hev sét Maken; og huglege var dei alt fraa dei var
tillagde, og vart venare di meir dei vaks. Til dess dei
stod gule og mogne og lokka paa Sigden, Havre-Aakrane
aira venast. Skurden var den Vinna eg lika best; og um
Fyri-Vinteren, naar Tustane tok til aa leike i alle
Laa-var, var det so det vart livande all Ting.
Men ein maa taka Verdi som ho kjem; og daa skulde
eg tru, at Mjølkedrifti er gild nok. Dertil gjev ho
Bonden ei viss jamn Inntekt, som han hev Rekning med og
kann lite paa; og med den greider han seg, um han vel
sjeldan kann leggje seg upp noko større. For med
Mjølkebruki fylgjer Landhandlaren som tek største
Vinsten; Jærbuen hev endaa ikkje komi i Gang med
Handels-Samlag.
tillagd (um Aaker): fullt vaarstelt. — Tust: Sligjul;
«Pleiel».
308
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>