- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
309

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eitt og anna kann det vera elles au aa rette paa. At
Bonden skiljekinnar Mjølki og sél det beste og gjev
Grisen Resten og sidan drikk Brasil-Kaffi for Mjølk og
ét Mergblanding for Smør, det kann gjeva ein fin
Rekneskap til so lengi. Men paa Resten vil den andre Sida
au koma fram. Av inkje kjem inkje og av lite kjem lite
og alltid mindre; kva skal det her upp-i Kaldeheimen
verte av eit Folk som drikk Brennvatn1 for Mjølk og ét
Talgblanding for Smør og Maisbrød for Havrekake? Aa
vera stutt-tenkt duger ikkje i det lange Drag.

Mange nymotens Hjelperaadir for Arbeidar og Bonde
er av same Slage som den Kunst-Mjølki Doktarane i
seinare Tid hev funni paa aat Smaaborn, so dei unge
Fruvune skal sleppe aa gjeva Bryst. Mjølki var so godt
utrekna, at ho helst skulde vera betre enn den
gudgjevne, meinte dei. Men det kjem meir og meir upp, at
Doktarane hev misrekna seg endaa. Sjølvvaksin Mat er
best. Bonden som fyrr livde paa Mjølk og Havremjøl og
no vil klara seg med Kaffi og Maisblande, han fær finne
det same. Arbeid og sterk Luft krev Kraft; og Kraft
vil hava Mat som der er Merg i. Men Folk hev alt komi
til aa tenkje paa dette, cg finn vel etterkvart ein Maate
so dei klarar seg.

Og maa ein tenkje paa Kroppen, so lyt ein tenkje paa
Hovud og Vit med. Det er som han sagde han Eivind
Tjensvoll, ein Kjenning fraa yngre Aar: «det kann vera
godt nok at gode Hovud fraa Bygdine vert Bokfolk og
Skulefolk; ikkje minst treng me bondefødde
Embætts-mennar. Men me treng gode Hovud i vaart Arbeid med.
Og det ikkje berre til Utskiftningsmennar, men beint
fram i Jordbruke. Vert Bonden tappa paa alle Kantar,

skiljekinna (skilja): «separere». —
Mergblanding: Margarin.

1 Kaffi. Orde hev han Far laga.

20 — Garborg VIII.

309

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0311.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free