Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
baade for Pengar og Arbeidskraft og Vit, so kunde han
vera sterk som Fjell; han held ikkje ut paa den Maaten
i Lengdi.»
Han er ikkje av dei modlause, den Bonden som sagde
dette. Han er av det gode gamle Jærbu-Slage: dei som
var arbeidsame og dertil glade. Og misnøgd med sine
Vilkaar er han aira minst; det er au noko som er
inn-komi med Krambugut-Skulen. Eivind Tjensvoll stod for
Presten fyrr Nyskulen kom, so at naar han og eg er i
Lag, so er det det gode gamle Jæren som møtest med
det nye og skrale. Gjeng eg elles innpaa ’n, so vedgjeng
han, at Skattane er høge no mot i hans fyrste Tid, og
at det ikkje vil vera verdt aa sprengje paa so hardt til
det jamne. Men Bonden er seig, legg han til med ein
Smil; det vil vara ei Stund enno fyrr dei fær gjort det
av med ’n.
Det gjeld um, at me lærer aa lite paa oss sjølve att.
Staten som her eit Bil var slik ein Vaarherre, men no
meir og meir vert sitjande og undrast paa at det er
Folke som maa føde honom og ikkje han som kann føde
Folke, — Staten kann me nok ikkje vente noko
Manna-Regn ifraa. Det var eit Mistak med all denne Trui paa
Rikshjelp. Nye Skattar kann me vente av Staten med
hans hundra Millionar i Aars-Utgift og hans 2—3
hundra Millionar i Skuld; nye Skattar og nye Laan kann
me vente av Staten. Og alltid nye Embættsmennar, som
maa hava sitt, kven som elles skal svelte. Det er i det
heile det einaste Staten kann gjera: setja inn og løne og
etterløne Embætts- og Umbodsmennar. Alt ein gjeng til
Staten med, — fær ein noko Svar, so er det dette eine og
same: so og so mange nye Embætts- eller
Umbodsmennar. Og so skal dei dertil hava sine Kantor. Og so og
so mange Hundradtusund eller Millionar til aa «arbeide»
med. Men um det vert noko Hjelp i dette Arbeide ...
310
*
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>