- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
311

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Me hev i sinare Aar drøymt og drøymt um nye Tidir;
alt skulde bli so nytt no.

Ja-ja. Duger det nye, so veks det seg smaatt um senn
inn i det gamle; og det som ikkje duger vert utskilt.
Det er den vanlege Meltingsgang. Eit Folk liver i det
heile so lengi som det kann arbeide nytt inn i sitt gamle,
so lengi det aandeleg kann livnære seg.

Mykje av det nye er berre nye Sjukdomar. Og dei
breider seg fortare ut-yvi Lande enn fyrr. Jamvel paa
Jæren er mange utrygge av By- eller Boksmitte. Eg som
hev vori ute so lengi at eg tek til aa koma heim att,
kjenner meg visst ofte tryggare paa Heime-Grunnen no
enn mange av desse halv-forfarne unge. Eg kjenner au
vel, kva det er for eit Livs-Tap, for deim som det hev
vori for meg, at me ikkje gjenom Skulen og Bøkane
fær arbeide os fram paa vaar eigin Grunn, men vert
drivne uti noko framandt som skyggjer meir enn det
klaarar upp for oss. Det nye me pluggar i oss vert seint
og stundom aldri vaart; men det som var vaart
hei-manfraa drep Skulen ned i Staden for aa kveikje og
dyrke det. Unaturleg Livemaate krev sterke Magar;
ikkje Helvti av det som den norskdanske Skulen
stræ-var med vert til Gagn.

Og berre dei faae som gjenom alle kunstige Hefte og
Hindringar vinn seg heilt fram, vinn heilt heim att.
Men jamvel for desse gjeng mykje spillt: Tid og Kraft
og stundom meir. Det veit eg um, maa du tru.

Etter tjuge Aars Skulestræv og Bokstræv skulde eg
vori langt komin. Men eg vart ikkje ferdug med sjølve
Skulegonga dessmeir. Med alle dei Snarvegane eg tok
til aa vinne fram, — eg vart for gamall; og Utearbeide
tok meg. So at det einaste eg rett kom inni, var dette
Maalstræve som med kgl. norsk-dansk Statslygn kallar
seg «det norske Sprog». Men daa eg var komin inn i det,

311

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0313.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free