- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
318

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vaare vestlandske, eller endaa meir som dei skotske,
Skular som legg seg etter aa lære upp Jordbrukarar
meir enn «Assistentar».

*



Med Mjølkebruk og Landhandlarar fylgjer nye Vegar.
Ein slik ein, og det ein storfin ein, er lagd fraa Bryne
til Undheim, so at Mjølki fraa desse Sørbygdine gjeng
til Bryne no, og ikkje til Nærbø som fyrr, endaa Nærbø
ligg nærare.

Denne nye Vegen hev daa vorti min Veg. Han er
betre lagd enn gamle og ikkje so bakkut; den gamle
gjekk beit paa alle dei Bakkane han yvi kunde koma,
han. Det var det, ser du, at han baade var rædd
Myrane og dertil skulde innum paa Gardane all stad. Eg
tek til aa eldast no og likar ikkje Bakkar. Den nye
Vegen gjeng dertil alltid noko-so-nær beinleides, slær
ikkje so mangi Bugtir paa seg som den gamle.

Men so kann eg stundom faa det imot ’n, at han er
altfor regelrett, og held seg altfor strengt til Laaglende.
Herre Gud; eit lite Kast paa seg kunde han daa gjera
so no og daa; ein skal ikkje vera altfor fullkomin heller.
Men nei. Han er gamall og klok stødt, han, so ny han er.

Det hender daa at eg vert leid ’n og tek Gamlevegen
kor som er. Det er min Veg likevel det, naar Sanningi
skal fram. Ny-Vegen hev inginting aa fortelja meg;
den gamle er Vegen fraa mi Tid og Vegen med mine
Minne. Og um Bakkane hans kann vera tunge stundom,
so er det so mykje gildare naar ein fyrst hev vunni
Høgdi. Eg anda aldri so lett i dei unge Aar som naar
eg var komin framum Mossige og nordpaa
Fossebak-kane, og derifraa saag ut yvi heile Mid-Jæren og langt
til Sjøs; og enno kjenner eg meg lett og fri paa dei
Høgdine.

Helg er det yvi denne Vegen. Han gjeng til Kyrkja

318

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0320.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free