Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og gøymer Kyrkjeminne. Her gjekk me um Sundags
Morgnane naar det var godt Vér, og rødde med
Kjenningar og saag paa Folke. Paa Gjentune med, veit eg,
naar dei var vene. Litegrand Trolldom er det kannhende
au nordetter denne Vegen; eg hev aldri vori fulltrygg
paa Fosseheiane naar det var myrkt. Og minst ved
Foss-Bruno, der Elvi, i tvo staselege Stup, kvitnar ned
yvi aat Storhylen millom dei svarte Bergveggine. Det
hev visst vori baade eit og anna aa høyre og sjaa der i
gamall Tid, ja ikkje lenger sidan enn daa gamle
Lome-landen gjekk og vassa i Aai nedanum Fossen og fiska
Perlur. Eg tor ikkje nettupp sverja paa at der er nokon
Fossegrim. Men kann Austlande sverja so mykje
tryggare paa sine Grimar, trur du?
X.
Knudaheio 16. 6. 1902.
Du Steinar!
Mange Takk for Boki. Ho vil vera meg Sellskap og
Hjelp i einslege Stundir mang ein Gong. For med dine
Skulebøkar er der det serskilde, at ein lés deim um ein
ikkje hev deim til Lekse.
Det trengst mange Bøkar til Hjelp for Skulen. Me
norske driv mest paa med Dikt, me. Men Folk kann kje
liva av Dikt meir enn av Luft. Luft maa til; og Dikt
maa til. Men fast Næring maa vera Grunnlage.
At Hægstad arbeider med dei gamle Kongebrevi er
gildt; endeleg hev me der fengi ein Mann som kann
gjera noko av alt det Arbeide som paa dei Leidine ligg
ugjort. «Hildinakvæde» hev vist oss kva den Mannen
duger til, og kva det i denne Vitskapen kann hava aa
segja at Granskaren stend paa norsk Grunn. Takk maa
Stortinge hava, som fekk tvinga inn ein — for det fyrste
319
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>