Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XI.
Du Steinar!
Knudaheibakken 24. 6. 1902.
–-Eg vert meir og meir Jærbu di eldre eg vert.
Meir og meir skynar eg, at me hev Rett her paa Jæren
naar me segjer: Maten og Gudsord. For hev me det, so
fær me alt anna attaat.
Gudsord, segjer eg. D’er kje Danskemaale eg meiner;
for det hev me nok av og meir til. Eg meiner Svare paa
Livsspursmaale vaart: kva me er til for. Og serskilt
meiner eg eit Svar, som kann hjelpe oss Ikkje-Filosofar.
Filosofane er det kje faarlegt med; lat deim gaa til
Helvite. Eller som det heiter paa deira Maal; slaa seg
paa Pessimisme. Men skikkelegt Folk, som skal arbeide
og halde Verdi i Gang, dei treng eit rimelegt Svar paa
Livsspursmaale sitt. Og no hev eg vorti so vidt Jærbu,
at eg meir og meir tykkjest finne Svar paa dette
Spurs-maale hjaa Profeten fraa Nasaret. Ikkje han
Helvit-Prædikanten som Kyrkja sét upp; Jesus meiner eg, han
i Testamente som ingin lenger lés; han som sagde det
største Orde som enno i denne Verdi hev vori sagt: at
Gud er Faderen.
Men so er det Maten. Korleis me skal faa noko av
den. Her er det vrangare. Me hev nok det heilage Bode
um Arbeid. Men so hev Fenden blanda seg inn med sitt
store Paafynster Rikdom, som dreg med seg Armod;
og so stend me der. Eg hev stræva med baade
Sosialisme og Anarkisme. Og mykje er det der som kann
gjeva Von. Serleg i Anarkismen, som er d. s. s.
Styrar-løyse, heilt Sjølvstyre; Sosialismen eller
Samfunds-styre kom vel til aa ala stridt mykje Styring, er eg
rædd. Men kor som er og ikkje er: med all slik Visdom
er det langt fram; og her gjeng Folk og svelt ihel kvar
Dag. Eller svelt av inn-paa Tukthus og andre slike
22 — Garborg VIII.
341
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>