- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
342

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mildeverk. Der hev dei det visst elles godt; serleg her i
Norig, der Staten byggjer Herreborgir aat deim som
kann vise Brev for seg paa, at dei hev stoli eller drepi.
Men all den Stakkaren som ikkje kann vise slike Brev;
i det heile dei som ikkje duger korkje til aa stela eller
drepa, korkje beintfram eller paa vanleg kristeleg
Sam-fundsvis, kva Raad skal her vera for deim? That is the
question.

Du meiner at Spursmaal av det Slage skal eg slaa
fraa meg, av di eg ikkje greider deim kor-som-er. Ja.
Eg hev freista med det. Men det er ikkje so beintfram.
I Dag kom det ein Tiggar; i Natt kjem det ein Tjuv; og
her gjeng eg aaleine og utanfor all Kultur, so eg hev
kje so mykje som eit Ølhus aa berge meg av paa, naar
Tankane vert for urolege. Og so er det det, at... ja du
skynar, at naar ein sjølv liver paa Samfundskassa–

Ja men eg arbeider daa, eg med, paa min Maate? —
Tøv; er det Arbeid? Det skulde kje vera anna enn Kvile
i Fristundir. — Ja men daa vart det Arbeid deretter. —
Daa vart det best; og elles kann det vera det same;
Bøkar hev me nok av. — Ja men eg gjer daa alltid likso
mykje Gagn eg som ein vanleg Partements-Lars ? — Ja
men baade meg og Partements-Lars kunde dei hive paa
Dungen. — Nei, men —! Jau, men —! Nei, men —!
— Naah.

Huff; d’er vel dette ævelege Ruske-Vére som gjer
meg so filosofisk.

*



Ruske-Vér, ja. November-Ver midt paa Sumaren. Tek
Vaarherre til aa eldast, so han ikkje hev Greide paa
Primstaven lenger ? Her er so kaldruski at eg kjem ikkje
i Gang med aa skrive. Omnen? Ja; eg hev freista med

Primstaven: Almanakka.

342

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0344.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free