- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
343

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Omnen. Men det hev seg ikkje aa brenne i Omnen
Sumar Dag. Ein vert ikkje varm av det heller. Berre meir
kruslin.

So gjeng eg og driv. Skriv nokre Linur; driv att.
Hengjer paa meg alle mine Klædeplagg og Fillur; gjeng
Golve att og fram og blæs i Hendane og smaafrys;
vert det Sümar i Aar ?

Og denne Stogo mi, som elles er so gild, ho er ikkje
bygd for slikt Ver. Eg bur som Fuglen under Himilen,
kann eg mest segja. Soli kjem vel ikkje inn utan paa
lovleg Veg; men Vinden leikar fritt; og Regn hev eg
inne mest likso godt som ute.

Det var nok gali med denne Torv-Tögo kör-so.
Torv-Tökur er for fastbuande Folk som kann halde sine Hus
i Stand, og ikkje for Farafantar av mitt Slag.

Elles maa eg segja eg kjenner ikkje att dette Vere.
Det kunde vera Regnsümar fyrr; eg hugsar nok det
«vaada Aare», 1860, som fylgde det «turra» i 1859. Men
kaldt var det daa ikkje. Kalde Vaarar hugsar eg. Ein
Jonsokdag gjekk eg og køyrde Mittingmold, og fraus so
Fingrane var stive. Og Snøfillur dreiv i Lufti rett som
det var. Men naar det fyrst vart Sumar, so v a r det
Sümar.

No er det Fyri-Vaar og Seinhaust heile Sumaren
ut-igjenom. Raakaldt, hustri, uhuglegt. Kaldskodde og
Kaldregn i Einingi. Koss kann det vera; kva skal det
spaa?

Er det Vérlage som skifter? Tek Golfstraumen ny
Leid; svingar Jordkula cg fær Nordpol lenger sud; held
Soli paa aa slokne; skal me inn i ei ny Istid; eller er det
berre eg som hev vorti eit Stakkarsting ?

Eg skulde finne meg i eit «vaatt Aar», med Fossing

det hev seg ikkje; feil seg ikkje; høver ikkje.

Toga: Töku; Tak. — korso: kor som er; likevel.

343

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0345.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free