- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
344

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og Fløyming og Torebrak og Ramling og Domedags
Dunder og Blaablenkjing og Brand-Ljon so det fræste
og lukta svidt, og so Myrar og Förar vart til Sjøar og
Fjordar; det var daa noko. Det er mindre Braak no;
Tora høyrer eg mest aldri. Ljone vert kannhende døyvt
av alle desse Skrive- og Taletraadane alistad? Mindre
Væte er det med; Flaumar vinn det seg aldri upp til
lenger. Men Kalden, Kalden; denne uhuglege
nordvestsure Kalden?

Grannen min her upp-i Mærlio, Mannen hennar Inger,
han Loddvig, han trøyster meg og segjer at det hev
vori likso kalde Sumrar fyrr. Han reknar upp Aarstal
etter Aarstal upp-igjenom; daa og daa var det likso kaldt
som no, og verre, og Rusk og Regn og raatt; stundom
kom Vinteren so tidleg at dei maatte slaa Aakrane ned
til Grønför; jamvel det Aare daa eg kom til var det slik
ein Ruskesümar. Ja—ja. D’er godt aa høyre at det ikkje
er verre enn det hev vori. Men so er det vel eg som
töler mindre enn fyrr; og det er kje heller som det skal
vera.

Endaa eg visst hev fortent det. Med mitt
Innesitjar-liv gjenom Ævur og Aar. Men huttetu; d’er fælt aa gange
her aa smaakulse midt paa Sümaren. Ja stundom stend
Nordvesten inn fraa Isheimane so sur og kald at naar
eg skal ut og gange, er eg glad eg hev Vinterkuf te!

Og Regnhatt maa det til mest jamt, so Ute han høver
i Fjelle. Helst naar Vinden er sudvest. Eller sudaust.
For det er han stundom, men like kald for det; og daa
siregner det all Dagen, — daa visst ned paa Jærlande.
Det er verst fari; ligg ned-sekkt i Regnskodde mest
jamt.

Det er eit vaatt Aar, um det no vel helst vert heitande
det kalda. Den tunge blaagraae Skyhimilen legg seg
mest heilt ned-paa Bakkane; under ligg Lande innsveipt

344

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0346.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free