- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
346

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

visdom kalla dei det fyrr; no segjer me likso snart
Livs-Tull. So lés eg til dess eg frys; gjeng sidan og tenkjer
paa det lesne til dess eg vert leid av meg.

Inginting heng ihop. Og endaa heng alting ihop so
reint forbanna. Men med oss heng det slett ikkje ihop.
Det er smaatt upp og stort i Mente. Det fyrste me treng
naar me kjem inn i Verdi er ein Storvask; og naar me
skal ut att, daa er det soleis at det er ikkje nemnande;
dei maa berre grava oss ned so fort dei kann. Men i Tidi
millom Innferd og Avferd ét me og drikk og søv og sk
.., og slæst med Nevar og List og Knivar og Knip, og
vildrar og driv for Ver og for Vindar. Samstundes fær
me Heimssogo i Gang, og lagar Rike og Byar og Dikt og
Kunst og Kyrk jur og Vitskap og Himlar og Gudar; d’er
Stakkarsdom og stort, Skaparverk og Lort; vil me finne
ut Meningi med det, kjem me paa Daarekista.

–Regn, Regn; Blaastr og Regn. Naa! Lat regne.

Lat blaase. Her paa Havstrandi høyrer det til. Folke
greider seg i vondt Ver og i godt Vér. Tarv kje ræddast.
Det veit, at med alle sine Kyrkjur og Prestar og
Preikarar og Bønemøte, — naar det gjeld paa, hev det ingin
aa lite paa utan seg sjølv. Men svært mange umframt
seg sjølv aa føde paa og gjøde paa. Det er modigt aa
vera Folke.

*



Dagen etter; Kveldykti.

Mi Sæl trur eg det lettnar.

Han er ikkje sætande. Det er stilt. Hosta stilt; ikkje
ein Gufs. Heile Lande med Havkvelven utanfyri ligg
under sin ugreide Himil so rolegt som eit Bilæte. Soli tek
til aa sige; ho er noko raud. Himilen yvi Have fin; vel

tarv kje ræddast: «vær ubekymret». — sætande:
litande; «at stole paa». — hösta: «vel meget». —
Sol-geisl, n.: «Solstribe ned gjennem Skyer».

346

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0348.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free