- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
352

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

traad og Landhandlarar og Bankar og alt so storfellt og
gildt som det var i Amerika mest. So at um mykje av
denne Stordomen og altfor mykje av Jordi stend i Pant
hjaa Pengejødane, so skulde me ikkje vera so lite til
Karar endaa.

Jordbruke sjølv hev gjengi storveges fram. Folke hev
lært betre Driftsmaatar og fengi betre Arbeidsveide.
Jordi vert plog-rein meir og meir; Holveiting drivst det
mykje med; og dei pløgjer djupare enn dei spadde. Like
eins hævdar dei betre; og Hævdi sjølv vert betre samla
og stelt, liksom god Kaupehævd vert nytta. Aarbyte
eller Skiftebruk vert drivi mykje meir enn fyrr, so Jordi
held seg meir i Magt; og meir og meir Jord vert
upp-dyrka. Dei reknar uppikring 180 000 Maal dyrka Jord
no. Men dei reknar au, at det ligg att udyrka, og det
berre paa sjølve Laag-Jæren, ikring ein halv Million
Maal; so at enno kann me kalle Jæren eit
Framtids-land. ,

Folk hev visst au vorti gløggare og snøggare til aa
leggje seg etter det som til kvar Tid best løner seg. Dei
dyrkar mest Høy og Forvokstrar i denne Mjølketid. Det
vert saatt fem Gongir so mykje Grasfræ som i mine
Dagar, les eg; og sju Gongir meir Jord er nytta til
Rot-frukt-Avling. So er og ei Ku noko reint anna enn fyrr;
ho mjølkar baade meir um Dagen og lenger um Aare.
Um ho daa kostar meir aa føde enn fyrr, so gjev ho au
so mykje meir att for F6da. Jordbruke maa kunna
koma seg upp her. Det er ikkje berre det at Jordi er
god; men so er her og serskilt godt Jordbruks-Verlag;
ein Jordbrukslærd hev sagt, at det finst ikkje
aarvis-sare Stad i heile Europa enn Jæren.

Hagebruke er au komi ikkje so lite upp; i Aaret 1900
rekna dei at 1350 Maal Jord vart nytta til Hagar. Og

F6da («Fooa»): Fodring.

352

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0354.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free