- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
353

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det vart rekna ikring 13 000 Aldetre. Det er smaatt
enno, men vil vekse, naar det fyrst er i Gang komi.

Ikkje minst hev det auka med Arbeids-Gognverk.
Tusten som fyrr banka so lystigt i alle Laavar hev tagna
av no; der er Treskjegognir all Stad. Slaattegognir, som
for 25 Aar sidan ikkje fanst, skal det no vera um Lag
800 av; og det aukar med Jordbruksgognir jamt, so
Gardbrukarar klarar seg med mindre og mindre Folkehjelp.

Og det trengst. For med Folkehjelpi vil det helst
minke. Paa Lande daa visst. I Stavanger, med Sandnes
og Eikersund, hev Folketale auka i dei siste 25 Aari
med i alt 12 000; men paa Lande, i nie Herad, er
Au-kingi samstundes berre 2 000.

Men Velstande hev auka baade i By og paa Land. I
Byane reknar dei ei Auking paa upp-imot 5 Millionar i
Eign og vel 3 Millionar i Inntekt, eller paa kvart
Menneskje 1 000 og 280 Kronur. For Bygdine finn eg ikkje
Tal. Men «den antagne Formue og Indtægt har
fordoblet sig flere Gange», segjer den Boki der desse
Upp-lysningane er tekne fraa1. Verde av Jord og Hus paa
Jæren rekna dei for 25 Aar sidan til i alt upp-imot 13
Millionar Kronur; no set dei det til upp-imot 30
Millionar.

So Framgang maa her vera.

Eit norskare Landsstyre hadde fari med mindre Braak
og teki det meir med Ro, so me ikkje var komne upp-i
denne fæle Skuldi, som vil tyngje og hefte oss lengi.
Du, som hev so mykje meir Mod enn eg, vil kannhende
segja: er de so faarlegt med den Riksskuldi ? Dei rikaste
Landi hev mest Skuld?

Gogn; Gognverk: Maskine.

1 «Jæder-Jernbanens Drift og Virksomhed 1878—1903.»
Men me maa ikkje gløyme at Pengane er so mykje mindre
verde no enn fyrr.

353

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0355.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free