- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
354

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det kann hende det. Men «d’er det som gjer Skilna’n
so stor», at dei rike Landi laanar av seg sjølve. Laanar
innanlands. Dei Rentune Lande maa svara kjem daa
Lande sjølv til Godes. Men me laanar utanlands. Kvar
Renteskilling gjeng daa til Utlande, og kjem aldri heim
att.–

*



Uslitelegt er det norske Folke. Dei hev ikkje kunna
faa Ende paa det med korkje Vaapen eller Vald eller
Sött eller Sut; og um Vaarherre steikjer med Sol eller
røyter med Regn–

I Aar er det ille vrangt. Ingin Verme og dermed
ingin Terre. Og ei Regnstund mest kvar Dag. Du kunde
tru her var ikkje anna fyri enn gjeva upp og lata Høye
rotne.

Men Folk klarar seg.

Her er kje Raad med det. Utidir hev det havt nok
av baade fyrr og no, um eg kann tru Norigs-Sogo. Det
hev vori Ufred og Sveltihel og Framandvelde og
Svartedaude kvar Stundi. Rett som det var laag Nordmennane
og var daude. Men naar ein skulde sjaa seg til, so var
dei kje daude. Dei hadde berre teki seg ei Kvilestund.

Det maa vera denne Fjell-Lufti. Og denne Hav-Lufti.
Stakkarsdom og Sjukdom vinn ikkje med oss.

Framandsjuken er verst; serleg no. Fraa 1814 av
hev Lande havt sin nationale Svartedaude. Men! — so
veit me kje Ord av, fyrr her er norskt Folk att baade i
By og Bygd. Og Arbeide gjeng, og Mode veks.
Samstundes som Tusund paa Tusund og Hundradtusund av
dette same Folke stryk sin Kos og aldri kjem heim att.

Det er eit utrulegt Land. Eit Æventyr-Land. Aldri
veit me nokon Ting. Naar det etter Statistik og andre
Svartebøkar gjeng upp, so gjeng det ned; og naar det

Terre: Turk; Vér til aa faa noko turt i.

354

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0356.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free