- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
365

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«fremst», eller «øvst»; men tek dei fyrst i, so dreg det.
Eg var glad for at dei kjende Namne mitt paa Nærland;
men — lat so vera at me treng Bøkar au: eg skulde
nok heller ha vori med paa aa binde Havsandane og
tvinge fram Liv av Daude. Daa eg ei Stund etter, ut
paa Nærlands-Tune, fekk Auga paa ein
Kristiania-Pro-fessor som gjekk der og sveiv turistklædd og fjong —
han laag vel her for Helsa si, veit eg —, tok eg Luva
av for ’n og tenkte: Gud Fader veit, kva slike som du
og eg skal vera til fyri.

Eg kjende denne Professoren, og skulde ha helsa paa
’n skikkeleg. Men eg gløymde det. Han vart meg so
langframand. Alt det han minnte meg inn kom meg so
lite ved. Her var mitt Folk. I Dag kunde eg hava Lag
med det; Stundir til aa helse paa Professorar vart her
alltid.

Ei trygg Kjensle tok meg; eg høyrde heime her
likevel. Og her skulde eg ha livt og arbeidt. Arbeidt og
rudt og saatt; haldi Fedra- og Farsarbeide fram; og
berre agta meg, so eg ikkje var komin paa Stortinge.
No laut det vera som det var. Eg fekk fara her og
svive att og fram og hit og dit, heimlaus med tri
Heimar, «et Offer for min Tids Vilfarelsær, fallera»; Folke
mitt greidde seg nok meg forutan.–

— Underleg i Lag, baade bøygd og sterk, tok eg paa

Heimveg med Hognestad-Karane. ,

*



Fram paa Morgonsida kom eg heim. Men eg hadde
kje Hug til aa leggje meg. Ute var ljost og fint;
Vinden sov; Dogg svala paa alle Straa, og i Lufti bleikna
det mot Dag; Seng og Svevn var berre ein Uting.

Paa Vesthimilen yvi Have dingla Maanen
morgon-bleik og skrinn; dei fyrste lette Sol-Vonir raudna i

365

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0367.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free