- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
366

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Nordaust; eit Par smaae kvite Morgonskyir laag og
smaasov i Luftblaaen yvi Sikvalands-Kulo. Eg steig
upp-aa Take av Kongsborgi mi; der vilde eg sjaa Soli
renne.

Storfint var det aa sjaa ut-yvi Heimlande no. Ven og
varm laag Jæren inn-aat Barmen av Have som blika i
Morgonsvevn lett; lengi stod eg og saag; lengi sveiv eg
skygnande att og fram; kvilte med i all denne store
Kvila.

I Nord steig Sola-Gardane og Tungenes gryande fram
av Nordhavs Dis og Draum; hit-yvi og aust-yvi blaana i
sterke Radir morgonsvale Fjell; i Sud steig Bakkar og
brune Viddir upp-yvi mot Synesvarden og ut-yvi aat
Have. Men helst søkte Augo mine ned-yvi og heim. Til
Hav-Ringen den bleike, til Lyngviddine med grønkande
Gardar og Vötn som av Sylv; beint ned fram-for meg
laag Garborgs-Gardkransen i roleg Svevn, vel-livd og
trygg under den breide Aasen.

Og Draumane tok meg; vakin saag eg Synir.

Rikt er Lande, og rikare vert det. D’er lite aa syte
for, at her er mykje aa gjera; Tidi ligg for oss, og Magti
vaar kjem att. Smaatt um Senn vaknar Folke. Og dei
vaknaste ser Heimtuftir lyse, der Hengjemyri tøygde
seg sur og arm.

Myrir og Lægdir vert Aaker og Eng; og Bar og grønt
Lauv skal løyne burt gamle Audnir og Steinrøysir. Med
tett sterk Skog stengjer me mot Nordvesten og
Havstormane; trygge skal Gardane liggje att-um Lundar,
og Hagar med frisk Alde og vene Blomar skal lyse og
lokke i kvar Livda Kraa. Og Folke, som paa gamle
Tuf-tir hev bygt Heimen sin ny, skal dyrke Jordi og verja
Skogen og stelle Hagane og ala og fange Fisk og Fugl,
og ha Glede i sitt Arbeid og Framgang med si Avling
og Hugnad i Heimane paa Land og i Byar.

366

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0368.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free