Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fagert ligg «Trondhjem» og storfager er Trondheimen;
gamall Dyrking og gamall Folkeskikk er det faste
Grunnlage her, med alt framandt og ferskt som hev
sprengt seg inn i seinare Tidir.
— Stort var Fylgje og Baaten gild: «Hera» fraa
Bergen, Kaptein Hansen. Doktarar som hadde havt
Lækjarmøte i Trondhjem hadde leigt Baaten; dei vilde
nytte Resten av si Stimarfritid til ei Finneferd.
Baaten var full av Fritidsgeografar, Kvende og Karar
med Kikarar og Kort og Yngvar Nielsen; og gild vart
Ferdi paa all Vis; det gjekk med Samtale og Skjemt,
Moro og Musik, Gaman og Geografi og kva som fyri
kunde falle. Lag hadde ein eller fekk ein; og vilde ein
vera for seg sjølv, so kunde ein det; huglegt og greidt
var Live umbord fra Fyrstningi til Slutten. Lækjaren er
nok streng og plent naar han stend i Arbeide sitt, der
ei Tankeløyse kann koste Liv; dess meir hugsam kann
han vera naar han er fri og «berre Menneskje». Det var
dertil no ei Tid, daa Nordmennar lett «fann kvarandre»;
Vaaren 1905 var Vaar i meir enn ei Meining.
Det leid til Kvelds, fyrr me vann ut
Trondheimsfjorden. Og daa det der ikkje er mykje aa sjaa, lagde me
oss tidleg; det vart nok aa vaka etter sidan, meinte
Kapteinen. Her upp-etter saag eg daa inginting. Fyrr
paa Nedvegen att; daa merkte eg meg mill. a. N a m s o s,
nørdste Byen i Trondheimen. Stor er han ikkje, men i
god Vokstr; og vent ligg han til millom Fjell og Skog
og grønt Land. Reint sørlendsk ser han ut paa ein
Sumardag, og ein hugsar ikkje at ein er so langt nord
komen.
Ved Helgelandsflesa tek Nordland til. H e i
1-horni, tri kvasse Tindar med Den norske
Bukken til Førar, er rekna for dei fyrste Nordlandsfjelli.
Og so glid det snart heilt inn i det nordlandske Æven-
24 — Garborg VIII.
373
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>