- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
374

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tyre. Det er ein Draumheim i Stein. Solklaar laag han
no, og tindrande ljos; men annarleis vil han sjaa ut,
naar alle desse fine Fjell dreg Skoddehetta um Hovudi,
eller stend frosne og islagde med Ishavsstormane og
Brötsjøane ylande og fossande ikring seg.

Det liver og diktar kvar ein ser. Der hev me t. D.
Leka-Møyi. Hestmannen der innanfyri elska
henne, men fekk nei; skaut so etter henne med ei Pil
som kunde kløyve Tindar. Men ei Trollkjempe som vilde
Lekamøyi vel slengde Hatten sin i Vegen for Sköte;
Pili gjekk tvertigjenom Hatten og vart dermed døyvd;
men Hatten ligg enno der paa Torg-Øy med Sköthole
igjenom Kollen; heiter daa ög Torg-Hatten. Soleis liver
det med Segn alt Nordland upp-igjenom. Kvart Nes hev
sin Draug og kvar Tind sitt Troll; Hav og Høgfjell
møtest her; og Havdraumar og Fjelldraumar glid
saman.

Stundom stanar Baaten, og me ror iland; soleis ved
Torghatten. Upp den høge Urdi krabbar me i Veg. Mann
etter Mann i lang Rad, som Smaatroll og Dvergar aa
sjaa i vaare graae og graabrune Ferdaklæde. Der
Berg-halli opnar seg stansar me; syp etter Anden; stirer;
segjer store Ord som vert inginting her; stend i Urd og
glor gjenom Berg: kann dette vera Inngangen til
Valhall. For det er vent her; linn og blaa lyser Himilen inn
gjenom Kvelven fraa hi Sida; denne skume Vegen fører
til Ljos.

Inn i Berge kryp daa me Smaatussane som best me
vinn og vaagar, mange av oss daa. Fyrst ber det
ned-yvi, og snart er me paa Botnen; der lyfter
Graasteins-kvelven seg yvi oss som ein Trollhimil; bergtekne er
me no. Men snart ber det upp-yvi att; og me kravlar
og kliv, til dess me stend i Opningi paa hi Sida. Der
ser me ut yvi eit øy-sprengt sol-glimande Hav som ytst

374

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0376.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free