Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ute kvitnar saman med Himilen. Herleg er Utsyni;
soleis maa Heimen sjaa ut for Gudar i Sky. So me er i
Ljosheimen enno.
Nærast ned-under oss ligg ein breid grøn Gard:
Torge. I det 14de Aarhundrad sat den gamle Torg-Ætti
enno paa den Garden; no ser han ut som han var Hagen
utanfor Bergkonge-Borgi. Men her inne hev Torg-Trolle
siti med Hirdi si og gnaska Kval millom Tennane, og
Nise og Elg og Bjørn, og stundom ein litin Per eller
Paal liksom ei Ræke til Smak paa Maten.
*
Ein Stad der me var i Land sat det ei gamal Kjering
paa ein Stein ved Vegen og kvilde; nokre av Ferdalage
gav seg i Drøs med Kjeringi. Eg stod og høyrde paa
litegrand; kjære, vene, tenkte eg, hev dei so fint Maal i
Nordland? Bymaale vart reint kvardagslegt mot det.
Ikkje mange var dei Ordi som vart bytte; Tid til aa
kaste burt hadde me ikkje, veit du. Men enno hugsar eg
kor fint den Nordlandskjeringi tala, og kor det tok meg
nettupp i dei Dagar aa høyre eit Par norske Ord millom
all den Rikdom av halvdanskt.
— Vere var vent og Ferdi fin, utanskjers som
innan-skjers; sjeldan hender det visst, at Nordlandsdraugar
og Finnetroll held Midsumarhelg so lengi. Og nye Synir
var stødt aa sjaa. Trollheimar og Gudeborgir kom og
kvarv; Namn nemndest og byttest; Augo arbeidde med
Sjaaglas og Sjaarøyrar alt dei vann, og Hovud samla
Bilæte og laga Landkort etter bedste Magt, eller
granska Landkort. Kvile vart det mindre og mindre
med. Ein hadde ikkje Ro til aa kvile. Og no tok sjølve
Nætane til aa koma burt for oss.
Rikare og meir storlagd vert Utsyni di lenger ein
kjem; meir og meir laut ein vera nøgd berre ein kunde
375
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0377.html