- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
376

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fylgje med so i Stordragi. Nemne upp det me saag kann
lite nytte. Dei sju Systrane, Breidtind, Kvass-Tind.
Tvillingane, Grytfoten, Ørntuva, Dønna, Svartisen som
er 7 Milir lang og 1 Mil breid, Lofoten og Vesteraalen
med alt sitt Vidunder ... Namn er Namn og Skildringar
Ord for den som ikkje hev sét det. Det er ikkje nok aa
sjaa det heller, so fraa eit Dekk. Det er ei god Hjelp,
og eit Stykke paa Veg; men meir skal det til, um ein
rett vil faa Tak paa det. Folk som kann koma ut i unge
Aar kjem til aa tenkje paa dette; eit Aar i Nordland
vil for mange vera meir verdt enn eit Aar i Tyskland.

Me fær i det heile sjaa aa bli heime i Norig no
etterkvart. Nordlendingen kjem ikkje so sjeldan søryvi;
Sørlendingen maa nord-yvi. Norig er eit mykje større
Land enn me veit; det maa ikkje liggje paa Rék lenger.
Me maa gjera oss kjende med det og taka det i Bruk.

— Det er nord-yvi som elles fram-etter den norske
Strandi; utanfraa ser Lande armare ut enn det er. Men
endaa hender det, at me ser baade Gardar og Bygdir
innetter Strendene. Og um her er skogsnaudt, — Lande
ser langtifraa daudt ut. Det grønkar fram-med
Strendar og upp-etter Berg-Sidur, so at eg, som er ifraa
Lyngheimen, knapt torde tru mine Augo. Grønt Gras
upp-etter Fjelli alt upp til Snøgrensa aa kalle for, og
det her upp-ikring Polringen, — eg stod meir enn ein
Gong og berre stirde. Med Skogplanting og Dyrking
skulde ein vel kunna vinne langt her?

Live i Nordlandshave er ikkje so rikt som det hev
vori; men enno er her ymist for ein Sørlending aa sjaa.
Ei Nise velte seg i Vatstrømen ret som det var; ein
Hende Gong spruta ein Kval — ingin stor, Takk have
Svend Foyn —; Efugl, Lom, Alke, Gaas og annan
sjeldsynt Fugl viste seg rett ofte.

Fiskevær saag me her og der. Dei hev stundom vaksi

376

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0378.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free