Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg upp til heile Strandstadir, med Fiskje og med
Verksdrift som dermed heng ihop (Trankoking;
Fisketad-laging (Guano) o. s. f.). Handelsgardar for me framum
ikkje sjeldan; dei ser velstandsame ut; og mange er
gamle. Nordlandshandelen laag under Bergen mindre
eller meir til langt ut i det 19de Aarhundrade; no er
han i Framgang, um elles Fiskje i seinare Aar hev vori
mindre aa stole paa.
Det er meir Liv her uppe enn Sørlendingen trur.
B o d ø y, Hovudstaden i Nordlands Amt, er ikkje lite
framme; Lande ikringum er i sterk Framgang, det med.
Det gjeng vel i Nordland som andre Stadir: vert det
utrygt med Fiskje, so slær Folk seg paa Jordi. Og den
er meir sætande, um ho no ikkje er so storgjæv som
Sjøen kann vera. No hev dei fengi Jordbruksskule her
uppe; kann den laga seg etter dei nordlandske Vilkaari,
maa han kunna gjera store Ting.
Mindre hugsamt er det aa sjaa paa den veldige
«Mil-lion-Daarekista» ved Bodøy. Ikkje berre av di ho vart
so meiningslaus dyr; det er i det heile vondt aa vita at
Folke vaart skal trengje so mykje Hjelp av det Slage;
og det trass i alle «Sjælesyrgjarar». Me var inn-um paa
Daarekista. Og det saag godt ut med Stelle der so vel
som med Rome, so vidt som me kunde sjaa. Med alle
tunge Tankar som vaknar paa slike Stadir fær ein vera
glad for at me endeleg hev lært at Galskap er Sjukdom;
mykje Tull og mykje fælt hev berre den Kunnskapen
gjort Ende paa. Og lenger vinn me vel etterkvart, baade
med aa hjelpe dei sjuke og med aa styrkje Folkehelsa
mot Sjukdomen; til stort Gagn vil det her vera, um
Fanden med sitt Helvite kjem ut or Barneskulen og
Kyrkja ein Gong. Mangt og mykje hev me elles aa lære;
dei Granskingane av Heilesjukdomar som lengi hev vori
storgjæv: storgjevande; «rundhaandet».
377
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>