Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
drivne synest mill. a. vise, at der er Samanheng millom
Sinnssjuke og Lovbrotshüg; den Tanken kunde føre
mykje med seg. Paa Brotsmannsheimen
(«Kriminal-asylet») i Trondhjem, som eg sidan fekk sjaa, kom eg
innpaa same Spursmaale fraa den andre Sida og fekk
ei ny Vitring um, kor lite me enno veit her.
*
Av dei gamle Nordlandske Hovding-Sæti er for det
mese Namni att; og i eit Land som hev legi under
Fra-mandfoten so lengi som vaart er berre det ein stor
Ting. Av gamle Byggverk finst det her og der ei Kyrkje,
meir eller mindre umbygd. Den i Trondenes skal
vera svært gamal; ho er dertil den nørdste Kyrkja i
Kristindomen. Det er i det heile ikkje so reint lite ein
kann segja «det nørdste» um, naar ein kjem her
upp-etter; T r u m s er soleis det nørdste Bispesæte i Verdi.
Byen er ikkje eldre enn fraa 1794; han ligg vent, med
høge fagre Tindar ikring, og tek seg godt ut. Han hev
baade luthersk og katolsk Kyrkje, Raadhus og
Lærd-skule, Lærarskule og Museum. Eit stort og forvitnelegt
Museum; serleg rike er Samlingane fraa Dyre- og
Fugle- og Fiskelive nordpaa; forvitnelege er like eins
Samlingane fraa Finnelive. Ein sterk Framgangsvilje
liver i desse Byane, og elles all Stad der uppe, der me
kom nære nok til aa kunna sjaa og gjera oss Meiningar;
at Nordland hev ei Framtid, kann ein trygt spaa.
Nordlandsfjelli sviv for meg enno, stigande fram og
glidande burt som ein Æventyrdans. Um eg aldri kjem
til Nordland meir: den vil blaane og lyse for meg so
lengi eg kann hugse. Høg-Baarur mot Sky; Borgir og
Tindar; Gudeheimar og Trollslott; Hausar og Høgdir
braadukkande or Hav; ender og daa ein Serskapnad:
Baare: Bylgje.
378
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0380.html