Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eit Berg som ein høg Sule, som ei Tunge, eit Spir, eit
Horn, — Bilæte paa Bilsete steig, radde seg fram-fyri
oss, gleid av til Sides; seig burt langt atter-ut. Det kom
Minningar um Rundar, Jøtunheimar, Alpir; men i all
sin Rikdom er den nordlandske Fjellheimen alltid seg
sjølv. Fram glid og undan sig, lysande i bergblaatt,
snøkvitt, isgrønt, alltid nye Nordlandsfjell i alltid skiftande
Leik; Rad etter Rad, Ring etter Ring; endelaust med
Storsynir. Mange Stadir grønka det med Gras nedantil
og kvitna av Snø ovantil; i Millombrøyti skifte
Gras-grønt og Fonnkvitt som dei kunde best; det var
Kappestrid millom Sümar og Vinter Midsümardag.
Det leita paa aa fylgje med. Men rive seg laus var
raadlaust; ein fylgde og fylgde, til dess det svimra for
ein. Daa laut ein gjeva seg stundom; finne Kote sitt
og krabbe i Køy. Og liggje og ørske med Hovude fullt
av Fjell og Hav til ein somna.
— Fyrr me visste av det var me i Trollebotnen. I det
Æventyre, der Soli ikkje gjeng ned, eller gjeng ned og
ikkje stend upp att.
Den fyrste Kvelden som ikkje vart Natt fekk eg ikkje
rett Greide paa; det var skyut. Men Dag var det, og
Dag vart det verande, um Klokka aldri so lengi sagde
Natt. Og det kom ei Tid, daa den som lagde seg Klokka
eit ikkje so plent kunde vita, um han lagde seg til Natti
eller til ein Middagsblund. Me var utanfor Verdi. Dag
og Natt var avtekne; me var uppe naar me kunde og
sov naar me sovna; spurde lite um Dags eller Døger
Tid. I Dag og igaar, i Morgo og i Kveld; var ikkje slikt
berre Innbillningar? Det einaste som stod noko-so-nær
fast var Matmaali. Aat me Klokka tri, so galdt det for
Ettermiddag. Men um det ikkje likso snart kunde vera
Ettermidnatt? — Naa; slikt fekk Kokken have Greide
paa.
379
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>