- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
380

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men det vart stridt etterkvart med Dag jamt; det
veit eg. Alltid noko aa sjaa, og alltid ljost so ein kunde
sjaa; — naar skulde ein daa faa kvile? Og samle og
skipa til Rettes alt det ein saag, so ein fekk Samanheng
i det? — Meir og meir stod det fast millom Mann og
Mann, at Nordand er ikkje aa taka i ein Jafs; ein fær
faa med det ein kann, og lata Resten vera «til ein
annan Gong».

Du vil daa forstaa at me kjende ein Lette, daa sistpaa
Finnmarki kom, — med roleg, rimeleg Nattur, med
rolege, rimelege «Næringar». Næringar? Kva det er?
Det er rolege, rimelege Finnmarksfjell. Ikkje sers høge
eller merkelege; noko-so-nær som Fjell flest. Og nettupp
slike var det som turvtest no. Det var fleire enn eg,

som tok seg ei god «Natt» den «Dagen».

*



Daa eg kom upp att, midt paa Dagen som fyrr, viste
det seg elles, at der enno var eit og anna aa fylgje med i.

Ein litin hyggjeleg kval spruta her eller der. Og meir
Fugl vart det. Eit Par Gongir kom me jamvel framum
Fugleberg. Der var det Liv! Luft, Hav, Fjell kvitna,
kravla, kvein, av Fugl, svivande, symjande, sitjande
Fugl, Fugl som smaasnakka, smaaskravla, smaakvein.
So small Skipskanona; daa var det som Berge løyste seg
upp i Fugl. Kom burt i Fugl og Fugleskyir. Og det vart
eit Stormvér av Fugleskrik. Ei Babels Maalville av
Fuglemæle. Men snart skyna Fuglane at det ikkje var
Aalvor og slo seg til Ro att.

Og so galdt det aa gjæte paa Soli, um me kunde faa
greide paa Natt-Vegane hennar. Himilin vilde gjerne
skodde seg so vidt til i Vest um Kvelden, at Soli ikkje
var aa sjaa; det galdt aa fylgje med og agte paa Tidi.

Aa sjaa Soli staa upp i Vest vilde elles for meg ikkje

380

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0382.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free