Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vera noko rart; paa Labraaten gjeng Soli upp i Vest
kvar Dag. Men sjaa Soli stana; stana og snu; gaa same
Vegen attende som ho var komi fram, — det maatte
daa endeleg vera den bakvende Verdi.
Ein klaar Kveld kom. Og Soli stana. Stana og... stod
still. Lengi. Stod der og liksom tenkte seg um. Skal —
skal ikkje? Tenkte so djupt at ho bleikna;
Straaleglan-sen dovna; dovna so Soli sistpaa hekk der yvi Havrandi
mest som ein stor, eldraud Maane, glimande utan
Straaleglans, utan rett Liv ... forunderlegt. Nei; so visste ho
daa endeleg kva ho vilde; tok til aa «spire»,
smaa-straale; straala meir og meir, morgon-straala. Var
sistpaa seg sjølv att; tok til so smaatt aa glide ... den
galne Vegen. Men noko vidare Stiging vart det ikkje
paa ei Stund. Endelaust smaatt og jamt gleid ho
frametter den nordlege Himilrandi, heller laagt nede,
arbeidde seg endelaust smaatt og jamt att-yvi og upp-yvi;
vann seg noko meir upp-yvi smaatt um Senn; kom meir
og meir aust-yvi og upp-yvi ettersom «Natti» leid;
nordanfraa og etterkvart nordaustfraa naadde ho
sistpaa fram til si Middagshøgd. Og so til aa glide ned-yvi
att, vest og nordvest, heile Tidi speglande seg i den
blaa-blanke Sjøen.
Det var underlegt aa sjaa paa dette. Ein skulde skyna
det; og endaa var det som eit Mirakel. Soli var Gud og
snudde Heimsskipnaden um.
Men me var glade at me hadde fengi sét det. Berre
Turist-Jugl var det nok ikkje endaa.
— Og so ein «Dag», mot «Kvelden», eller
Kveld-Morg-ningi, fyrr eg visste Ord av, gleid Nordkapp fram.
Breidt, stødt, fast; større enn eg etter Bilæti hadde
tenkt meg det. Som eit Høg-Altar under den bleike
Himilen stod det der, i ei Ro so høg, at eg trur me tagna
alle. Og stille stod me frametter Dekke som uppstelte
381
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>