- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
382

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

til Bøn, med’ Baaten skar frametter sin store Boge rundt
Nordodden av Norig.

Fast bygt, med rake Veggir og vid, jamn Høgflate,
stig Nordkapp av Hav, ikkje aatkjømt nokon Stad, fyrr
ein kjem eit godt Stykke inn-yvi paa Austsida. Daa finn
ein ei To, som er bratt men ikkje veggbratt. Ei ven,
grasgrøn, blomrik To som ein Stige fraa Have til Høgdi.

Det leid til «Kvelds». Baatane lagde ut; og Flokk
etter Flokk gjorde me Landgang. Ferdi bugta seg
upp-etter den bratte grøne Bergtöi som eit langt graabrunt
Band. Og Bande tøygdest og tøygdest, til dess det
naadde fraa Strandi til Høganlofts Blaaningi.

Eller Graaningi.

For daa me kom der upp, kolna me: yvi Høgdi hadde
ei tett graa Sky lagt seg som ei Skodde. Skulde Utsyni
stengjast no? I same Stundi som me naadde fram? —
Det vilde vera leidt, jamvel for oss som Hadde sét
Nattsoli.

Sogur gjekk i Lage um Folk, som hadde vori paa
Nordkapp og raaka Skodde og Inkje fengi sjaa; um
Utlendingar som hadde fari att og fram Gong etter Gong
og alltid raaka Skodde eller Regn; um ein Engelskmann,
som sistpaa hadde vori hjaa ein Sakførar og vilje leggje
Sak mot Staten for dette; — damn! tri Gongir til
Nordkapp og ingi Midnattsol; slikt kunde aldri vera lovlegt!

Smaatt um Senn naadde me Høgdi, meir og meir
huglause. I lange Svingar tøygde Stigen seg fram yvi
Berg-sletta; Skodda breidde seg kvit og kald. Eg gav meir og
meir upp Voni. Me fekk trøyste oss med det gode me
hadde havt. No var Finnetrolli ute. Eg kjende att
«Lagnaden min»; han hadde sovi nokre Dagar; men no, i
rette Stundi, vakna han. Ja ja. Fram vilde eg. So fekk
eg heller saksøkje Staten, kannhende.

Men fyrr eg visste Ord av var me ute or Skodda. Fri

382

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0384.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free