- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
383

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og ljos laag Verdi som fyrr. Eit Stykke framfyri oss
laag Nordkapp-Bui. Og rett fram, ende ut, liksom i
Jam-høgd med Bergflata, blaana Have. Endelaust ut-yvi
mot Vest og Nord og Nord-aust. Og yvi Have lyste
Hi-milen, ljos og blaa; i Nord og Nordvest kvitskya. Desse
Skoddeskyine kjende me fraa fyrr. Men i kveld saag
det ikkje verst ut; kannhende Soli greidde deim?

Lage samla seg i Flokkar kring Utsalsbui,
Kongs-steinen, Keisarsteinen, men mest ikring Utsyns-Tramen.
Ved den fann og mitt Lag seg Rom. So vart eg send
inn etter ei Flaske Vin til «Solskaali». Bui var full av
Kauparar og Handel; men Vin fekk eg, —
Kaiser-Cham-pagne, kann du vita; berga meg so ut att med Flaska
og nokre Glas.

Me fekk skipa oss til rettes. Og Tala tok til.

Soli stridde med Kveldskyine. Glein sistpaa fram
gjenom ei Glenne, so me saag ei Strime av ho, — kunde
nettupp so vidt segja me saag ho. Talaren dreiv paa;
alle stirde etter Soli og ingin høyrde etter. So klinga
Orde «Skaal», og alle var med. Ikkje uglade ropa me
Hurra; noko Midnattsol hadde me daa sét ifraa
Nordkapp.

Ein gamall vyrdsleg Mann, Doktor Koren, steig fram
og sagde endaa nokre Ord. Nokre varme Ord um dette
storfagre Lande, som dertil i desse Dagar hadde reist
seg til heil og full Fridom, og daa so mykje meir kunde
vente aa sjaa oss alle i fast Fylking ikring seg, samla i
Aalvor og fast Vilje um det store som vunni var. Alle
var med i eit nytt, sam tonande tri Gongir tri Hurra; og
so kom «Ja vi elsker».

Nordkapp hev høyrt mange fagre Talur. Og sét
mykje stort og gildt; Kongar og Keisarar og altslag.
Men mange Stundir som denne hev det ikkje havt.
Rime-legt nok; ein «ny Syttande» var i Aar runnin. Soli hadde

383

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0385.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free