- Project Runeberg -  Hamar i hellom /
31

(1926) [MARC] Author: Olav Aukrust
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hamar i Hellom. Norske utsyn - Bygdi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det tona frå blåne til blåne, lufti var eit
lækjande laug, det hjala og song uti hør og
heim, over alle vide vegner. Alt samla seg,
alle leite opna seg, krik og krok og smett
og smogu låg berrklædde for mine augo.
Frå gamle bygdi med gard og grunn, frå
kyrre skogen med tinklande bærspann, frå
bratte lidi med råk og med stig, frå viggur
og fjell og alle dei namnlause stader strøymde
det imot meg.

Og heile bygdi vart mitt hus.

x

Sidan vart det annleis. By og burteliv
gløypte meg, og som ein draum tyktest
heimbygdi kverve, ho og alt som hennar var.
Røyk og eim, dur og dynjing, kvinande
svinghjul og uljod og avlæte av alle slag
døyvde hugsviv og gamle minne. Men kvifor
gøyme på slikt? Ei ny verd opna seg, eit

nytt liv med større både vågnad og vinning.

31

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Oct 6 19:05:23 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hellom/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free