- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
32

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

Han fekk jamvel løyvt av departementet nokre tusen
kroner til arbeidet med vegg-bileti.

Men heradsstyret sa nei. Ein ting var at mange ottast
bileti var lite uppbyggjelege; og vart dei fyrst avduka,
vart me nok nøydde til å ha dei for auga. Ein annan ting
var at heradstyret ottast restaurasjons-planen kunde koma
til å kosta i hundrad-tusen vis av kroner! i sume bygder
hadde dei brent seg på det!

Me fekk i stand eit fond til kyrkjeprydnad. Det var
Jon Mannsåker som la grunnen til det fondet. Og seinare
vart det innsamla burtimot 2000 kroner. Men
heradsstyret stod fast på sitt! Pengane aukar so smått. Arbeidet
stend i stagge!

Ved spursmålet um uppverming av Kinsarvik-kyrkja
vilde riks-antikvaren nytta elektrisk kraft, med leidningar
under kyrkjebenkene. Kinsarvik herad hadde naudsynleg
kraft til rådvelde. Og det vart ut-arbeidt plan for den
elektriske installasjon. Men då var det heradsstyret kjøpte

tvo nye omnar, og fekk dermed den andre planen gravlagd.

#

Elles hev Kinsarvik-kyrkja vorte årleg samlings-stad
for heile Kinsarvik, med di det kvart år vert halde
«kyrkje-stemna» der, helst med gudstenesta i kyrkja og
frilufts-møte ute; i tilfelle av ruske-ver vert ettermiddags-møtet
halde i kyrkja. Det ser ut til at kinsarvikingane frå heile
sokni gleder seg ved desse samkomene.

Visstnok er Utne vorte eit nytt sentrum, ikkje einaste
i Kinsarvik, men i heile Hardanger. På Utne er eldste
poststaden i Hardanger og eldste telegrafstasjonen. På
Utne budde i mange år distriktslækjaren i Ullensvang.
Der bur enno dyr-lækjaren i Indre Hardanger. På Utne
ligg «Kinsarvik Sparebank». På Utne er bygde-museet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free